Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Lom
TripAdvisor rating of 4

471

Bakeriet i Lom | Kafé

Bakeriet i Lom ligg midt i Lom sentrum. Her kan du setje deg ned med ein bolle og ein god kopp kaffe. Om sommaren er det uteservering med pizza og hamburger.

Bakeriet i Lom er viden kjend for sine luftige kanelbollar.

I sommarsesongen er det ofte lange køar utanfor dørene til det vesle bakeriet i Lom sentrum. Men både bakarvarene og opplevinga er verdt å vente på.

På Bakeriet i Lom handlar det ikkje om å gjere ting enklare, men ekte. Steinovnen er det glødande hjarte i bakeriet. Varmen, lukta og røyken som stig opp frå pipa når dei fyrer er ein viktig del av historia til bakeriet. Det er noko grunnleggande og ekte i denne måten å bake på, ikkje nødvendigvis enklare, men bakaren sjølv er sikker på at det er ein forskjell som du kan oppleve. Den sitt i skorpa på brødet, i smaken og lukta, men òg i veggane i bakeriet.

Dessutan vel bakeriet i Lom å bruke lokalprodusert mjøl frå små leverandørar. Da kan bakekvaliteten på mjølet endre seg frå år til år, og det nyttar ikkje alltid å bruke oppskriftane frå i fjor. Det enklaste er ikkje alltid det beste. 

Ta deg gjerne ein tur innom litt utanom sesongen, så får du sitje i fred og ro og kikke på fossen medan du nyt ein god kopp kaffe og eit realt stykke brød eller ein saftig bolle. 

Bakeriet i Lom arrangerer òg bakekurs.


Kilde: Visit Jotunheimen AS

0

Bakeriet i Lom | Kafé

Sider du nylig har besøkt