Lom

Bakeriet i Lom

  • Ein tilsett står bak ein disk i eit bakeri, med brød på trillevogn og varm sollys inn i lokalet..
  • Ein person i kvit t-skjorte bruker lang spade til å setje bakebrett inn i ein stor industrioomn på kjøkken..
  • Fleire personar i kvite T-skjorter arbeider i bakeri og ber brett med nybakte rundstykke ved hyller..
  • Ein kopp cappuccino og eit glas latte ved sidan av ein tallerken med bakverk på eit trebord ute..
  • Rekker med store brød med mjøl på skorpa ligg i hyller i eit bakeri, med små skilt framfor brøda..
  • Send oss en epost

  • 907 85 999

  • Sognefjellsvegen 7

    Lom, Innlandet

    Vis i kart

Bakeriet i Lom er eit handverksbakeri med kafé midt i nasjonalparklandsbyen Lom. Bakeriet er viden kjend for sine luftige kanelbollar - og er ein stad "alle må innom" på veg til eller frå Lom og Jotunheimen.

I sommarsesongen er det ofte lange køar utanfor dørene til det vesle bakeriet i Lom sentrum. Men både bakarvarene og opplevinga er verdt å vente på.

Her vert alle brød laga for hand – både surdeigsbrød, wienerbakkels og luftige kanelsnurrar. På Bakeriet i Lom handlar det ikkje om å gjere ting enklare, men ekte. Bakeriet i Lom nyttar lokalprodusert mjøl frå små leverandørar.

Bakeriet i Lom serverer steinovnbakt pizza delar av året, og har stor uteservering om sommaren. Dei arrangerer òg bakekurs.

Kilde: Visit Jotunheimen AS