Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Sogndal

Balestrand Hotell

I sentrum av Balestrand finner du det kvite flotte hotellet, Balestrand Hotell med nydeleg utsikt mot fjell og fjord.

Balestrand Hotell er eigd og styrt av Randi Sognnæs Aamot, Theodor Sigurdsson Kvikne og Per Áki Sigurdsson Kvikne. ​Med 30 rom, ein bar og ein nydelig hage ved fjorden, drøymer vi om ein at det skal vere ein livleg stad med musikk, kultur og glede. 

​Vi ønskjer å lage eit triveleg og gøyalt miljø der folk kan komme innom for ein kopp kaffi, ein øl, eit glas vin, ein konsert, ei utstilling, eit arrangement, ein fest og ved nokre anledninger eit godt måltid. Målet vårt er å skape ein levande stad der folk frå rundt om i landet, og verda, kan komme og erfare unike opplevingar i det vi meiner er Noregs vakraste bygd. 

Balestrand Hotell har eksistert sida 1970 og har til no vore eit tradisjonelt turisthotell i bygda. Som nye eigarar ønskjer vi no å ta drifta av hotellet vidare i ein ny retning og utvikle det til å bli ein levande plass ved Sognefjorden for både turistar og lokalbefolkning, sommar som vinter. Hotellet skal vere ein stad med kultur, kunst, musikk, festivalar og andre kjekke ting både gjester og bygda kan ha glede av

Kilde: Visit Sognefjord AS

0

Balestrand Hotell

Sider du nylig har besøkt