Seljord
Ballongfararsteinen
Har du høyrt om ballongferda frå Paris, som endte opp i Seljord? Ballongen frå Paris landa i sørsida på Lifjell ovanfor Strand-gardane i 1870, og i dag har det blitt ei turløype dit. Flott utsikt mot Seljord og Seljordsvatnet på veg oppover.
Køyreavstand: Brøløs - avkjørsel til Strand/Manheim: 10km frå riksvegen til parkering der stien startar: 6,4 km
Bompengar: 75 kr
Gangtid: 15 min
Nivå: Lett
Ballongfararsteinen ligg i sørsida på Lifjell ovafor Strand-gardane.
Frå garden Strand er det skilta til Ballongfararsteinen. Flott utsikt mot Seljord og Seljordsvatnet på veg oppover.
Vegen går forbi garden Manheim.
Parker bilen, gå ca 15 min på merka sti i lett skogsterreng.
Ballongferda i 1870
I november 1870 var Paris under beleiring av Preusiske styrkar. Paris var avskore frå omverda, og for å få ut livsviktig kommunikasjon til franske militære styrkar bak dei preusiske linjene, brukte dei varmluftsballongar. I slutten av november 1870 blei ein ballong sendt opp frå Paris. Målet var å nå fram til franske leiande offiserar med ein plan om felles fransk offensiv mot dei preusiske styrkane.
Denne ballongen letta frå Paris, men blei tatt av ein kraftig vind som førte ballongen nordover. 15 timar etter at ballongen letta i Paris hoppa to franske ballongfarerar ut i eit snødekt landskap på Lifjell i Telemark. Den første luftferda over Noreg var eit faktum.
Ballongen blei tatt vidare til Krødsherad utan mannskap. Ballongfarerane var relativt medtekne etter den strevsame turen, og søkte ly i ein lita tømmerkoie dei kom over. Brørne Klas og Harald Strand var ute på tømmerhogst då dei fann dei fortumla franskmennene.
Dei tok dei med til garden sin, og gav dei mat og varme der. Seinare blei dei ble rodd til Seljord og tatt med til Klomset. Franskmennene ble tatt imot som helter og blei feira overalt på reisa si mot hovudstaden. Langt om lenge kom de seg til Christiania og drog seinare tilbake til Frankrike. Ballongferda blei ein internasjonal sensasjon, og i Frankrike fekk ballongfarerane heltestatus livet ut. Heilt tilfeldig blei altså vesle Seljord ein del av ei historisk hending heilt utanom det vanlege.
Last updated: 03/06/2023
Source: Vest Telemark
Ballongfararsteinen