Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Nordfjordeid

Balsnes Gard

  • Balsnes, Eid
  • +47 97149249
  •  /  km From You
Overview
Details

Balsnes gard serverer eksklusiv og moderne mat, og brukar lokale råvarer og produkt. Menyen endrar seg frå dag til dag og føl sesongane. Om sommaren har Balsnes gard eigne grisar, høner og vaktler, og i tillegg til ein liten grønnsakshage haustar kjøkkensjefen ville urter og plantar i skogen ved hotellet. Balsnes Gard har eit stort ølkart med lokalt, nasjonalt og utanlandsk øl, i tillegg til sin eigen ølkelner med utømeleg kunnskap om dei ulike sortane.

Balsnes Gard tek for tida ikkje bestilling på selskap, møter, overnatting eller matservering.

Til middag kan de anten velje tre rettar eller fire rettar, med tilhøyrande øl- eller vinpakkar. Øl og vin er spesielt valgt ut for å passe til smakane.Her sit historia og tradisjonane i lafteveggane og vi har plass til 28 personar rundt dei tre borda. Vi ynskjer middagsgjester velkommen til bords kl. 20.00 onsdag, torsdag, fredag og laurdag.

To dagars bestillingstid. Om du ynskjer å bestille Matstova ekslusivt til di gruppe, ta kontakt for tilbod.

Balsnes gard er eit familiedrive boutique hotel med fire rom, fjell- og fjordutsikt. Det restaurerte våningshuset blandar moderne design med original bonderomantikk, og med ei plassering midt i Nordfjord er Balsnes gard eit naturleg utgangspunkt for utflukter til både fjell og bre, hav og kyst. Harpefossen og Hjelmelandsdalen er berre minutt unna, med fantastiske skimoglegheiter på vinterstid og med tilrettelagte tilhøve for vandring, sykling og fjordhest om sommaren.


  • Last Updated:
  • Source: Reisemål Stryn & Nordfjord

Generelt

Årstid
  • Hele året

Overnatting

Hotellfasiliteter
  • Bar
  • Inkludert frokost
  • Nistepakke

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Utendørs parkering - gratis

Taste Norway

Restauranter og kafeer
  • Hage
Click to activate
Eid, Norway
The latitude and longitude
61° 55' 57" N / 5° 53' 23" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad