Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Tokke

Bandaksli Bryggje

Idyllisk bryggje på sørsida av Bandak/Telemarkskanalen med overnattingstilbod for syklistar og padlarar

Bandakskli Bryggje er ein idyllisk stad ved innsjøen Bandak, som ligg på motsatt side av Lårdal. I Bandaksli er det ein soveboks inne i pakkbua, eit overnattingstilbod for syklistar og padlarar som ferdast langs og på Telemarkskanalen. Soveboksen har plass til 4 personar.

Her er det også ei flott fotoustillig om livet i Bandaksli i eldre tider. 

Nasjonal sykkelrute nr. 2 går forbi dette flotte bryggjeleiet.

Historia

Det var Åmdals Verk Gruver (kopargruver) som danna grunnlag for bryggjeanlegget i Bandaksli. Bryggja blei anlagt omkring 1860, og blei nytta til utskiping av malm ut Telemarkskanalen. På bryggja var det pakkhus, lasterampe, butikk og lager og ned hit førte ein taubane i 350 meters fall. Malmen blei frakta med hest til toppen av lia, deretter med taubanen ned til malmlageret som ligg omkring 100 m. vest for bryggjeanlegget.

Då det ikkje var djupt nok for større båtar blei det etter kanaliseringa bygd ei ny bryggje i Bandaksli i driftsåret 1908/09. Bryggja er ei flaumbryggje, det vil seie at den hadde ulik høgde slik at den kunne fungere ved ulik vasstand.

Frå bryggja er det 15 km opp til Åmdals Verk Gruver. Her kan du oppleve flotte utstillingar og bli med på gruvevandring. 

Last updated: 01/02/2024

Source: Vest Telemark

Bandaksli Bryggje

Sider du nylig har besøkt