Dynamic Variation:
Offers
Choose Language
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Sognefjorden Aurland

Basic FjordSafari og vandretur til geitestølen Leim

  • Postboks 68, Aurland
  • 57633323
  •  /  km From You
Overview
Details

Turen startar med Basic FjordSafari, som går inn i hjarta av Nærøyfjorden med den storslegne Sagfossen som vendepunkt. I Aurlandsfjorden legg me til ved brygga i Skjerdal og startar fotturen opp til geitestølen Leim.

Frå brygga går stien opp til bilvegen/gamlevegen som me føljer med flott utsyn over fjorden opp til Skjerdal gardstun. Vidare er det gardsveg opp til målet, stølen Leim. Det er flotte fossefall å beundra undervegs. Vandreturen frå fjorden og opp til Leim tek omlag 1,5time og er rundt 3km lang.

På Leim er det omvisning og innføring i tilverkinga av geitosten. Etterpå nytast lunsj ute på terrassen med ostesmaking til forrett og hovudrett basert på lokale og eigne råvarer. Det vert tid til å nyta utsikta og helsa på geitene før me vandrar attende til gårdstunet i Skjerdal og returnerar til Flåm med bil.

Turen kan gjennomførast i all slags vèr. Krevst ingen forkunnskapar av deltakarane, men bør ha bra fysisk form for å gå opp bakkane. Passar for dei som ynskjer ein aktiv tur og ei anleis oppleving av Aurland og dei særeigne tradisjonane du finn her i området. Turen går frå 0 til 360meter høgde. Du treng gode tursko og vanlege uteklede, eventuelt regnklede. Drikkeflaske må vera med.

Stølen er åpen frå 1 juli til 31 august. Turen er også tilgjengelig frå 15 juni, då har me medbrakt lunsj frå lokal leverandør og får ost på stølen.  

Varigheit: 5,5 - 6 timar

Pris: Vaksne kr 1390,- Barn kr 830,-

Avgang: 

15. juni - 31. august kl 09:00 (med unntak av måndagar)

Online Booking: www.fjordsafari.no


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS

Generelt

Landskap
  • Fjordområde

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Båtturer
  • Guidede turer
  • Guiding
  • Seiling
Fottur
  • Korte vandreturer (1-4 timer)

Facts

Duration
2 timer
Landscape
Fjord area
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad