Batalden

Batalden Havbu

  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • +47 95158269

  • Store Batalden 5

    Kinn, Vestland

    Vis i kart

Batalden Havbu er stengt for sesongen!

Velkomen til Batalden og Batalden Havbu. La deg inspirere av urørt natur, kystkultur og kunst i skjergarden vest for Florø.

Batalden Havbu tilbyr eit opphald i historisk bygningsmiljø. Havbuvert Gunhild Bjelland inviterar til å besøke havbumuseet på Bualoftet og Galleri Havbu i Gamlehuset. La deg overvelse av utsikta frå toppen av Store Batalden nær 500 meter over havet, og nyt fred og ro på ei øy utan vegar og motorstøy.

Store Batalden ligg i skjergarden vest for Florø. Her kan du nyte atmosfæren på eit eldre gards- og fiskebruk kombinert med moderne komfort. Batalden Havbu er eit restaurert gards- og fiskebruk med 3 sjøhus og 2 bustadshus frå perioden 1820 - 1900. Batalden Havbu har blant anna motteke byggeskikkpris, bygdeutviklingspris og Olavsrosa. Dei tilbyr høgstandardshytter for sjølhushald, for private og bedrifter.

RUTEBÅT FLORØ - BATALDEN

For rutetider med båt frå Florø til Batalden, sjå www.entur.no, eller kontakt oss for meir informasjon. Det er ikkje mogleg å ha med bil ut på øya, men det er moglegheit for kort- og langstidsparkering i hamneområdet i Florø.

    Kilde: Visit FjordKysten og Sunnfjord