Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Beitostølen

Beito Ysteri

  • +47 90083145
  •  /  km From You
Overview

Beito-osten blir laga av kyr- og geitemjølk frå lokale gardar i Beito, Lykkja, Skrebergene og Skammestein. I perioden juli til september nyttar vi stølsmjølk frå Vinsteren (1.100 moh).


Mjølka kjem rett frå gardstankane inn til ysteriet tidleg på morgonen (ein gong geit og tre gonger kyrmjølk i veka).  Den kortreiste mjølka blir pasteurisert og på handverksmessig sett blir mjølka til ost av høg kvalitet. Mjølkekvaliteten er svært høg året rundt, men toppast om sumaren når vi kan nytte stølsmjølka til lagringsostar.


Vi produserer per i dag desse ostane:
- Stølsost mild (lagra opp til 6 mnd.)
- Stølsost lagra (lagra opp til 14 mnd.)
- Stølsost vellagra (lagra over 14 mnd.)
- Brennesleost (tilsett tørka brennesle og graslauk)
- Bukkehornkløver (indisk kløver som gjev osten ein valnøttsmak)
- Nøkkelost (tilsett spisskummin)
- Pizzaost (tilsett timian, oregano, tørka paprika og tomatar, samt kvitlauk)
- Kvit geitost (geitemjølk som gjev ein chevre med fetakonsistens og smak)


I tillegg lagar vi ein juleost basert på stølsmjølk og ein Beitospesial som er ost laga av mjølka første gong dyra er på utmarksbeite.


Beitoosten får du kjøpt i utvalde butikkar med eigen ferskvareavdeling og personale med stor fagleg kompetanse og høg servicegrad.


Oslo og omegn
- Jacobs Holtet
- Centra Colosseum
- Centra Høvik
- Ultra Asker
- Ultra Sandvika
- Ultra Bryn
- Ultra Ski
- Spar Kjelsås
- Mors Matgleder Røa


Rundt Mjøsa
- CC Mat Gjøvik
- CC Mat Lillehammer
- CC Mat Hamar
- Monssveen  Gård Brøttum


Valdres
- Spar Beitostølen
- Eurospar Fagernes
- Spar Bagn
- Joker Ulnes
- Joker Ryfoss
- Moahaugen gardsutsal Heggenes
- Bitibua (sumarsesongen)
- Bondebua Lomen


Andre stader:
- Gullik Son
- Fiskehandleren i Drøbak
- Storgata Delikatesse Jevnaker
- Landkrabba Ål
- Kongsfjord landhandel (Nordkapp)
- Brimibue Lom


  • Last Updated:
  • Source: Valdres Destinasjon
Click to activate
Øystre Slidre, Norway
The latitude and longitude
61° 14' 55" N / 8° 54' 21" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad