Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Bekkjarvik

Bekkjarvik - Bakkasund (65 km.)

  •  /  km From You
Overview

Austevoll kommune har utvikla seg til eit sykkelparadis etter at dei store øyane vart knytt saman med flotte brusamband. No har sykkelglade høve til å sjå store delar av Austevoll frå sykkelsetet.


Frå Bekkjarvik til Bakkasund kan ein få 26 gode km på godt eigna sykkelvegar. Dersom ein skal tur - retur Bekkjarvik er det tilrådd at ein legg turen på austsida av Austevoll på veg tilbake. På austsida via Vinnes og Haukanes er det som ein går tilbake i tid. Flotte grøne sletter med imponerande steinmurar er å sjå og villsauen vil nysgjerrig fylgja med på kven som susar forbi. På Storebø kan ein leggja turen innom kulturbakeriet for magepåfyll.


Vidare frå Storebø må ein sykla over Austevollsbrua til Austevollshella. Ta deg tid til  å nyta utsikta mot vest oppe på Austevollsbrua. Her er ein godt plassert ute på sjøen, på sykkel. Brusambandet har og to flotte rasteplassar for dei som har med seg medbrakt mat. Vidare syklar ein over Hundvåkøy og via nok eit flott brusamband til Storekalsøy og Bakkasund. På Bakkasund er det verdt å ta ein tur innom butikken på Bahus. Båthamna er folkerik og levande i sommarsesongen.


Når ein er på Bakkasund kan ein velja å sykla ut til Kalve for å  gå den merka Nordsjøløypa ut mot Skansen. Frå Skansen har ein fullt utsyn mot Sotra, Marsteinen fyr og storhavet. Havet har vaska spesielle formasjonar i berget ute på Skansen og havet briskar seg og set seg igjen i respekt på vindfulle dagar.


Til saman kan ein sykle heile ” smilet mot vest”.  Frå Bekkjarvik til Stolmen, retur via Bekkjarvik og til Bakkasund via austsida av Austevoll. Om ein plottar inn  traseen på kartet vil ein sjå at  ”smilet mot vest” dukkar opp. Ta smilet til deg, pakk sykkelen og kom ut og smil tilbake til Austevoll frå sykkelsetet.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Click to activate
Austevoll, Norway
The latitude and longitude
60° 0' 26" N / 5° 12' 15" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad