Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

BEKKJARVIK

Bekkjarvik - Bakkasund på sykkel (65 km)

Austevoll er blitt eit sykkelparadis etter at dei store øyane blei knytt saman med flotte bruer. No har sykkelglade høve til å sjå store delar av Austevoll frå sykkelsetet.

Frå Bekkjarvik til Bakkasund kan ein få 26 gode km på godt eigna sykkelvegar. Dersom du skal tur - retur Bekkjarvik er det tilrådd at ein legg turen på austsida av Austevoll på veg tilbake.

På austsida via Vinnes og Haukanes er det som ein går tilbake i tid. Flotte grøne sletter med imponerande steinmurar er å sjå og villsauen vil nysgjerrig fylgja med på kven som susar forbi.

Vidare frå Storebø må du sykla over Austevollsbrua til Austevollshella. Ta deg tid til  å nyta utsikta mot vest oppe på Austevollsbrua. Her er ein godt plassert ute på sjøen, på sykkel. Brusambandet har og to flotte rasteplassar for dei som har med seg medbrakt mat. Vidare syklar ein over Hundvåkøy og via nok eit flott brusamband til Storekalsøy og Bakkasund. På Bakkasund er det verdt å ta ein tur innom butikken på Bahus. Båthamna er folkerik og levande i sommarsesongen.

Når du er på Bakkasund kan du velja å sykla ut til Kalve for å  gå den merka Nordsjøløypa ut mot Skansen. Frå Skansen har du fullt utsyn mot Sotra, Marsteinen fyr og storhavet. Havet har vaska spesielle formasjonar i berget ute på Skansen og havet briskar seg og set seg igjen i respekt på vindfulle dagar.

Smilet mot vest


Til saman kan du sykle heile " smilet mot vest".  Frå Bekkjarvik til Stolmen, retur via Bekkjarvik og til Bakkasund via austsida av Austevoll.

Viss du plottar inn  traseen på kartet vil du sjå at  "smilet mot vest" dukkar opp. Ta smilet til deg, pakk sykkelen og kom ut og smil tilbake til Austevoll frå sykkelsetet.

Last updated: 01/29/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Bekkjarvik - Bakkasund på sykkel (65 km)

Sider du nylig har besøkt