Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland AUSTEVOLL

Bekkjarvik Gjestgiveri Hotel & Suites

  • Bekkjarvik, Austevoll
  • +47 55084240
  •  /  km From You
Overview
Details
Meeting Facilities

Bekkjarvik Gjestgiveri ligg heilt nede ved hamna i idylliske Bekkjarvik i Austevoll - ein kort hurtigbåttur frå Flesland eller Bergen, og om lag 1,5 time med bil frå Bergen.

Gjestgiveriet er omkransa av historie i form av gamle bygg og kai-anlegg, som før i tida var hjarta i den gamle fiskartettstaden Bekkjarvik.
Her kan ein komme for å senke skuldrane, oppleve vår fantastiske natur i form med både fjelltur og fiske, og sjølvsagt nyte lokalmat laga med heilt ferske ingrediensar – rett frå havet.

OVERNATTING:

På Bekkjarvik Gjestgiveri søv du godt i gode senger. 

Bekkjarvik Gjestgiveri blei bygd mot slutten av 1600-tallet då Kong Christian IV (1588-1648) vedtok at det skulle vera gjestehus for kvar halve dagsreise langs kysten av Noreg. I tillegg til å tilby husrom og mat til farande folk, hadde Bekkjarvik dampskipskai, tønnefabrikk, sildefabrikk, salteri, hummermottak, brenneri og notheng.

I dag er bygningane renovert og tilpassa dei moderne bruksområdene, men samstundes er identiteten og sjarmen i den vesle fisketettstaden halden i hevd.

De 48 romma er fordelt på 3 bygningar, som alle ligg sentralt i den vetle vågen, med kort avstand til hovudhuset der måltida vert serverte.  

Bekkjarvik Gjestgiveri tilbyr desse romtypane:

•  Standard enkeltrom
•  Standard dobbeltrom
•  Suiter med 1,2 og 3 soverom

Alle rom og suiter er unike og i ulike i storleik. Passer for 1, 2 eller opp til 6 personar. 

ARRANGEMENTER:

Bekkjarvik Gjestgiveri gir den perfekte ramme for ulike typar arrangement, selskap og feiring.

Me har stor kapasitet på matservering, og med fleire gode lokale har me fine løysingar – både  for grupper som vil sitje saman med andre, og for grupper som føretrekk eige lokale. Menyane er basert på lokale råvarer – dei er ujålete, men smakar himmelsk! Fiskaren som leverer fersk fisk frå båten kvar dag er uunnverleg, det same er villsauen som smakar av doggfrisk lyng og hei. Bekkjarvik har høg kvalitet, utan å vera snobbete.

Naturen kring Bekkjarvik er gåvmild, her vert hausta ulike fiskeslag, skjell og skaldyr. På dei vakre lyngheiene og i skogen beitar villsau og hjort, og våre kokkar går gjerne ut i skogen ein tidleg morgon for å sanka vill ramslauk og urter.

MØTEFASILITETER:

Bekkjarvik Gjestgiveri tilbyr ulike kurs- og konferanserom med gode lys- og ventilasjonstilhøve for opptil 180 personar. Konferanseavdelinga, representert ved kursvert, er alltid tilgjengeleg i eige kurssenter.

Lokala er utstyrt med;
•    Standard teknisk utstyr, som prosjektor og lerret, eller stor TV-skjerm for direkte tilkobling frå laptop. 
•    Stabilt og raskt trådlaust internett på hele hotellanlegget. 
•    Nokre av romma har fastmontert lydanlegg, i andre set me inn dette om naudsynt. 
•    Overalt er det flip-overs eller whiteboards, samt øvrig forbruksmateriell til arbeidet.
•    Grupperom er tilgjengeleg, og det er mingleplass i nærleiken av møteromma.

Stadens flotte beliggenhet gjer at stillheita og utsikten gjev rom for inspirasjon og avkopling, både inne og ute.
Møtelokala våre har lett tilgong til uteområda, og med et flott parkanlegg like bak hovudhuset er dette eit fint område for t.d. gruppearbeid som «walk & talk» eller nødvendige luftepausar.

Om ynskjerleg kan me gje eksklusivitet på lokaler, slik at gruppa er godt skjerma frå andre.

​​​​MAT & DRIKKE:

​​​Mat er grunnpilaren – og vår lidenskap:
Det er ikkje utan stoltheit me kan ynskje velkommen til bords. Våre to seniorkokkar, Ørjan og Arnt Johannessen, har hausta heider og ære for sine prestasjonar i kokkeyrket – Ørjan med sitt gull i Bocuse d´Or i Lyon, Frankrike 2015, og Arnt med den høgste anerkjenning i Norges Kokkemesteres Landsforening, “Årets Kjøkkensjef” i 2014.

Les intervju med Ørjan Johannesen: Villsau - ein delikatesse på Vestlandet.

Familien Johannessen har eit felles mål om å vere ein stad med varme for sine gjester, ein stad for rekreasjon og ein stad for dei beste matopplevingar langs vår langstrakte kyst.

Me held ope for matservering og overnatting heile året.

Restaurant sommar: Måndag til laurdag: 12-22, sundag: 12-21
Restaurant vinter: Måndag til laurdag: 12-21, sundag: 12-16

Kjøkenteamet:
Saman med kjøken-teamet set Arnt og Ørjan menyane kvar dag med eitt mål: At du som gjest skal få ei matoppleving du ikkje gløymer. Heilt sidan barneåra har tvillingbrørne Arnt og Ørjan hengt over grytene heime på Gjestgiveriet i Bekkjarvik – og gått i sine foreldres fotspor. 

Bocuse d’Or; Verdsmeisterskap i Kokkekunst:
Ørjan begynte å konkurrere allereie i læretida si. Dette er toppidrett på høgaste nivå.
I 2015 sto Ørjan Johannessen på toppen av pallen under verdsmeisterskapet i kokkekunst, Bocuse d´Or i Lyon i Frankrike. Her blei han den femte nordmann som tok gull i konkurransen og sette den vetle tettstaden Bekkjarvik på kartet.

Ørjan ynskjer å vidareføre mattradisjonane som han fekk heime, og saman med sin bror, kjøkkensjef Arnt, passer dei på å utfordre tradisjonane – viss ikkje hanar både gjestgiveriet og mattradisjonane på museum.

Me har lang erfaring i å danne ei intim ramme rundt kvart eit arrangement, frå større møter eller konferansar, til livets små og store markeringar.
Våre små og store selskapslokale dekker dei fleste behov.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Bergen

Overnatting

Leiligheter
  • Antall soverom: 48
Hotellfasiliteter
  • Bar
  • Inkludert frokost
  • Dyrevennlig

Planlegg reisen

Tjenester
  • Gratis WiFi
  • Kjæledyr tillatt

Taste Norway

Restauranter og kafeer
  • Skjenkebevilgning
Facility Info
  • Reception Capacity 180
  • Konferanserom 6
  • Antall senger 100
  • Antall personer i største konferanserom 120
  • Mottagelser og middager
  • Banquet Capacity 180
  • Classroom Capacity 120
  • Sleeping Rooms 48

Price

Description Price*
Enkeltrom 1890,00 Pr. person
Dobbeltrom 1045,00 Pr. person
* Price from
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages