Lom

Bergom klær, sko og sport

  • +47 99211671

  • Sognefjellsvegen 2

    Lom, Innlandet

    Vis i kart

Bergom Klær, Sko og Sport er den lokale butikken som har alt du treng - frå moteriktige klede til praktiske sko og utstyr for ein aktiv kvardag.

Du finn Bergom Klær, Sko og Sport midt i Lom sentrum, i 2.etasje i Coop-bygget på Bergom. Her er det stor klesavdeling med med merkevarer for dame, herre og barn, samt sportsklede og friluftsutstyr til små og store eventyr. Bergom Klær, Sko og Sport fører mellom anna barneklede frå Name-it, herreklede frå Jack&Jones og dameklede frå Vero Moda, Brandtex/Signatur. Butikken har òg sko for små og store. I tillegg finn du ei stor sportsavdeling med godt utval av sportsartiklar, ski , fritidstøy og utstyr til jakt og fiske. Her får du dessutan kjøpt fiskekort. Hjå Bergom Klær, Sko og Sport finn du med andre ord det meste på ein stad - tilsette med lokalkunnskap og personleg service. Treng du råd om storleik, val av utstyr eller tips til sesongens jakt og fiske, så hjelper dei deg gjerne!

Kilde: Visit Jotunheimen AS