Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Jotunheimen Lom

Bergomsrunda - vandring gjennom Lom nasjonalparklandsby

  • +47 61212990
  •  /  km From You
Overview

Bergomsrunda er ein triveleg rundtur til fots i nasjonalparklandsbyen, Lom sentrum. Runda bitt saman sentrum og attraksjonane på ein god måte og du får med deg alt som er verd å sjå. Runda er ca 2,5 km lang.

Bergomsrunda er ein triveleg rundtur til fots i nasjonalparklandsbyen, Lom sentrum. Runda bitt saman sentrum og attraksjonane på ein god måte og du får med deg alt som er verd å sjå. Runda er ca 2,5 km lang.

Lom sentrum, Fossbergje, er ein av fem tettstadar i Noreg som har status som nasjonalparklandsby, og er ein naturleg innfallsport til nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen. Nasjonalparklandsbyen ligg flott til under mektige Lomseggen. Midt i sentrum renn elva Bøvra kvit og vill utfor Prestfossen.

Meir info om Bergomsrunda

Namnet Fossbergje kjem av berga som stikk fram attmed fossen. Her har bygdasenteret vakse fram på båe sider av elva. Fyrste private aktiviteten i området var eit kvernbruk rundt 1770, fyrste landhandelen kom i 1870 der Kiwi held til i dag. På Fossbergom er det eit yrande liv i sommarmånadene med bygdafolk og turistar om kvarandre. Vi kan by på eit triveleg sentrumsmiljø med uteserveringar, kafear, butikkar, ein gjennomført byggeskikk og mange flotte turalternativ.

Dette opplev du på Bergomsrunda:
Utleggsbrua, som er bygt slik som dei fyrste bruene i landet, bitt saman sentrum og Kyrkjevollen. På brua kjem du tett innpå det livgjevande vatnet, på veg frå bre til hav, jfr. Vassvaglen attmed rundkøyringa. Fossheim Steinsenter har unike samlingar av mineral frå heile verda. Den majestetiske Lomskyrkja fortel ei 850 år lang historie om livet i bygdene her. På andre sida av vegen ligg Norsk Fjellsenter som med ustillingar og informasjon fyller ut biletet av natur og livsvilkår i fjellet enda lenger attende. På runda kjem du også til Presthaugen.

Midt i det fredfulle parkområdet finn du Lom Bygdemuseum som også gjev spennande gløtt inn i farne tider. Informasjon om vandringa får du på turistkontoret.

Kart over Bergomsrunda


  • Last Updated:
  • Source: Visit Jotunheimen AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad