Jostedal

Bergset-Bergsetdalen-Bergsetbreen

  • Bergsetbreen
  • Bergsetbreen
  • Bergsetbreen
  • Bergsetbreen
  • Bergsetbreen
  • Bergsetbreen
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Besøk oss på Instagram

  • Send oss en epost

  • 57671400

  • Bergset

    Luster, Vestland

    Vis i kart

I enden av den vakre Bergsetdalen ligg den skimrande Bergsetbreen og ventar på deg

Fottur til Bergsetbreen



Utgangspunktet for denne turen er parkeringsplassen ved Bergset, den fremste garden i Krundalen, Jostedalen. Frå parkeringsplassen går ruta eit kort stykke på traktorveg og deretter langs ein svært god og tydeleg merka sti innover den flate Bergsetdalen. Stien går først gjennom nokså tett skog, seinare opnar utsynet seg meir og meir mot den dominerande Bergsetbreen, fremst i dalen. Den kryssar fleire småelvar og bekker, som oftast på gode bruer, og går av og til i blautmyr der det er lagt ut trestokkar. I starten er vegetasjonen frodig, men når du kjem nærare breen,vert det mindre og mindre skog og planter. Heilt fremst går stien i grus og stein, men er likevel godt synleg og lett å finne.



I sommarhalvåret er det oppsett varselskilt eit stykke frå foten av Bergsetbreen. Det er svært farleg å passere skilta. Ved Bergsetbreen er det særleg Baklibreen, på nordsida av hovuddalføret, ein må vere merksam på.



Ein tur som høver godt for familiar med småbarn.



Turfakta:



Parkering: Parkeringsplass ved elva nær garden Bergset



Distanse: 6,4 km



Tid: 3 timar



Vansklegheitsgrad: Middels krevjande tur



Sesong: mai - oktober



Toalett: Det er ikkje offentleg toalett på turen til Bergsetbreen.



Vatn: Fyll flaska med vatn før turen. På veg mot Bergsetbreen er det mogleg med påfyll av flaska då det er fleire elver og bekker.



Hugs bandtvang.



Førebuing og tips:



Før du legg ut på desse krevjande turane, er grundige førebuingar avgjerande. Pass på at du har passande utstyr, inkludert eit påliteleg par tursko, vêrpassande klede og ein godt pakka ryggsekk med nødvendigheiter som vatn, snacks og førstehjelpsutstyr. Gjer deg kjend med dei merka rutene, og ha med deg eit kart for ekstra navigasjon. Gitt alvoret og vanskelgheitsgrada på desse turane, blir dei utelukkande tilrådde for erfarne turgåarar.





Vi er glade for å ha deg på besøk - takk for at du viser respekt og omsorg under oppholdet ditt



1. Bruk offentlege toaletter og søppelkasser

2. Hold deg til merka stier

3. Ikkje mat dyra

4. Respekter privat eigedom

5. Hold til venstre på vegane og bruk fortauet for å vike for lokale bønder



Eg er Sognefjord


Kilde: Visit Sognefjord AS