Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Voss

Bergslitræet i Prestegardsmoen

Bergslitræet

Museum, kafé og butikk. Fødestad og barndomsheim til kunstnarbrørne Knud og Brynjulf Bergslien.

Knud Bergslien var kunstmålar og mest kjend for det historiske måleriet "Birkebeinerne på Ski over Fjeldet med Kongsbarnet" frå 1869. Brynjulf Bergslien var skulptør og mest kjend for ryttarstatuen i bronse av kong Karl Johan framfor slottet i Oslo, avduka i 1875.

Bergslitræet er eit lite museum i Prestegardsmoen, som inneheld dokumentasjon om kunstmålar Knud Bergslien og bilethoggar Brynjulf Bergslien (bror). Dei var betydelege kunstnarar i nasjonalromantikken, og mange vert forundra når dei oppdager at dei er født og oppvaksen på Voss

Bergslitreet er ein del av Bergsliløypa - og har museum, kafé og museumsbutikk.

Sesong:
Sundagsope kl 13:00 - 16:00, juni til medio september

Gratis inngang

Vel møtt til tur og kultur i Prestegardsmoen!


Last updated: 08/14/2023

Source: Destinasjon Voss

Bergslitræet i Prestegardsmoen

Sider du nylig har besøkt