Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Besøk Haula vingård i Hjørundfjorden

Vinbonden blant vinranker i Hjørundfjorden
Haula Vingård i Hjørundfjorden
Haula Vineyard i vinterdrakt i Hjørundfjorden
Solaris blir sett på som Nordens drue og den som klarer seg best her.
Vinranker på Haula Vineyard med utsikt over Hjørundfjorden
Vinsmaking på låven hos Haula Vineyard

Midt i den majestetiske Hjørundfjorden, i den vesle bygda Viddal, vert det dyrka vindruer. Bli med på vinsmaking og omvising på vingarden Haula!

På Haula gard i den vesle bygda Viddal i Hjørundfjorden er vinbonde og sommelier Nina i gang med å dyrke vindruer. Draumen er å lage naturleg, berekraftig og musserande vin, like frisk og levande som fjorden og fjella rundt.

Omvisning og vinsmaking

Bli med på omvising i vinmarkene og høyr den fascinerande historia om folket, livet ved fjorden og garden Haula. Du får og smake på vin lik den dei er i ferd med å dyrke på garden.

Historie

Verten er eigaren sjølv, Nina. Våren 2015 tok ho over garden som har vore i familiens eige sidan 1615. I nesten eit halvt tusenår har den gått frå generasjon til generasjon og vore driven av uthaldande fiskarbønder fylt av vilje, tolmod og pågangsmot. Nina fortset drifta på eige vis, og gjer sitt for åskape eit livsgrunnlag tilpassa ei ny verd, med vilje, kunnskap og berekraft i høgsetet.

"Working the soil since 1615"

Korleis kjem du deg hit?

Med bil: via Stryn eller Volda (avkjørsel ved Kvivsvegen)
Med båtskyss: Christian Gaard eller Tommy Riise Olsen (tlf.: 48 17 84 37)

Kilde: Ålesund & Sunnmøre

Besøk Haula vingård i Hjørundfjorden

Sider du nylig har besøkt