STRANDA
Besøk på sider- og ostegarden Skarbø






Velkomen til garden Skarbø på Stranda. Her byggjer fleire generasjon på lange tradisjonar og solid handverk for å gi deg uforgløymelege matopplevingar.
Besøk Skarbø og ver med på omvising i tunet, med ysteri, sideri og gardsbutikk. Vi vandrar i eit levande kulturlandskap med bygningar frå 1600-talet og fram til i dag, og de får eit innblikk både i historia og dagens drift. Det bur både kattar, høner, kyr og kalvar på garden, og vi helsar gjerne på dei på vegen. Litt prøvesmaking høyrer sjølvsagt med.
- Lokal mat
Kilde: Ålesund & Sunnmøre
Besøk på sider- og ostegarden Skarbø