VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Eastern Norway Innlandet VÅGÅ

Besseggen i Jotunheimen

  • +47 61212990
  •  /  km From You
Overview
Details

Turen over Besseggen er ein av dei mest populære og spektakulære fotturane i Jotunheimen. Turen er 17 kilometer lang og tek totalt 7 til 9 timar.

Besseggen er ein av dei mest populære og spektakulære fotturane i Jotunheimen - kjend for utsikta over det mørkeblå Bessvatnet og smaragdgrøne Gjende.

Turen er 17 kilometer lang og tek totalt 7 til 9 timar. Denne storslåtte ruta tek deg inn i kremen av Fjell-Noreg -  i den reinaste og sprøaste lufta på det europeiske kontinentet.

Den kjende Gjendin-eggen får besøk av rundt 60.000 kvart år. Dei fleste startar med å ta Gjendebåten frå Gjendesheim til Memurubu og går attende, altså oppover sjølve eggen. Det er òg mogleg å følgje den godt merka stien langs Gjendevatnet, frå Gjendesheim mot Memurubu og ta båten attende, eller overnatte på Memurubu og gå attende via Besseggen dagen etterpå. 

Frå Memurbu går du nokså bratt oppover til det flatar seg meir ut. Du går forbi Bjørnbøltjønne, forbi Bessvatnet og oppover Bandet som er det kanskje mest kjende partiet over Besseggen. På veg over Besseggen har du panoramautsikt over fjellvatna Bessvatnet og Gjende. Den sterke grønfarga på Gjendevatnet oppstår når små breispartiklar i vatnet blir reflektert av sola. 

Etter å ha klatra opp sjølve eggen, kjem du til Veslefjell, som er det høgaste punktet på turen, 1743 meter over havet. Punktet er markert med ei stor steinvarde. 

Vintertur over Besseggen: 
Har du sett den Gjendin-eggen nokon gong - kledd i kvitt?

Kvart sommarhalvår går nærmare 60.000 den klassiske fjellturen over Besseggen i Jotunheimen. Om vinteren kan du ha eggen for deg sjøl. Turen tek 6-8 timar, og startar ved turisthyttene Bessheim eller Gjendesheim, ved Valdresflya. Ein går da på ski opp til Bessvatnet, som er islagt om vinteren, kryssar dette og stig opp til "bandet" før sjølve eggen tek til. Her tek ein skia på ryggen. Stegjern og evt. isøks kan vere lurt. Hugs å ha sekk med gode fester til ski. Vidare går turen opp til Veslfjellet før nedkjøyring mot Bessvatnet og ned att til startpunktet. Om du ynskjer å planlegge vintertur over Besseggen, kan du kontakte Gjendeguiden. 

Meir informasjon om Besseggen: Besseggen.net


  • Last Updated:
  • Source: Visit Jotunheimen AS

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Utfordrende
Landskap
  • Fjellområde
Årstid
  • Sommer

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Dagsturer (5-11 timer)
  • Merkede turstier

Facts

Effort Level
Challenging
Duration
7 timer
Landscape
Mountain area
Season
Summer
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages