Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
  • Overnatting

    Scandic Hotels - i alle landets store byer

    Nordic Choice Hotels - en annerledes hotellkjede

    Thon Hotels - fantastisk frokost

    Radisson Blu Hotels - finn dine favorittreisemål

    Citybox - moderne lavprishotell med sentral beliggenhet

    DanCenter - din feriehusekspert i Norge

    Norgesbooking - finn en koselig hytte til norgesferien

    Campcation –  Bestill camping over hele Norge med Campcation

  • Transport

    Vy - det har aldri vært enklere å reise med tog

    SJ NORD - opplevelsen starter på toget

    Vy express - reis med buss over hele Norge

    NOR-WAY Bussekspress - bussreiser i hele Sør-Norge

    DFDS - ta den behagelige sjøveien fra København til Oslo

    AutoEurope - stort utvalg og uslåelige priser

    Rent-A-Wreck - det smarte leiebilvalget

    Arctic Campers - lei din bobil eller camper

    Nordic Campers - den beste måten å se Norge på!

    Cabin Campers - nasjonalromantisk opplevelse på fire hjul

  • Reiser og rundturer

    Hurtigruten - "Verdens vakreste sjøreise"

    Authentic Scandinavia - spennende norgesreiser

    Up Norway - skreddersydde reiser

    Norrøna Hvitserk - ekspedisjoner og eventyrreiser

    Brim Explorer – Stille fjordturer med elektrisk katamaran

    Fjord Tours - opplev Norge i et nøtteskall® med kun én billett

    Fjord Travel – Bærekraftige flerdagsturer

    Go Fjords - Turer og aktiviteter over hele Norge

    Discover Norway - opplevelser i Norge. Ferdigpakka ski-, sykkel- og fotturer

    Norwegian Holidays - pakkereiser til lave Norwegian-priser. Fly, hotell og leiebil

    Expa Travel - Ekte opplevelser

    Booknordics.com - aktiviteter, safarier, turer, hytter og opplevelseshotell

    Stromma - sightseeingturer og opplevelser med buss, båt og tog.

  • Offers

Search
or search all of Norway

Eastern Norway Innlandet LOM

Bessheim Fjellstue

  • Sjodalsvegen 2977, VÅGÅ
  • +47 61238913
  •  /  km From You
Overview
Details

Bessheim fjellstue ligg like ved fjellryggen Besseggen i Jotunheimen. Sentralt plassert ved fylkesveg 51, har Bessheim sidan 1890 losjert og servert fjellvandrarar og reisande langs den Nasjonale turistvegen over Valdresflya.

Dessutan er Bessheim ein del av Høgruta i Jotunheimen - og startstad for denne populære 5-dagarsturen i hjarta i Jotunheimen. Du kan anten bruke fjellstova som ein stoppestad på ein lengre tur, eller bu her fleire dagar og utforske lokale fjelltoppar. Kva med å gå turen over Besseggen på ski?

OVERNATTING
Bessheim tilbyr overnatting i rom, leilegheiter og i hytter. I tillegg har vi ein liten campingplass. Vi har totalt 180 senger fordelt på 27 rom og 27 hytter og leilegheiter. Inne på fjellstua har vi 64 av desse sengene. Romma har ikkje hotellstandard, men det er oppreidde senger og dusj og toalett på dei fleste. Hyttene har mellom 2 og 10 senger, og storleik og standard varierer mykje.

MAT
På Bessheim serverer vi norsk, tradisjonell mat. Vi likar å serverer reinsdyrkjøt frå Vågå Tamrein AS, hjort og elg frå lokale jegerar og fjellaure frå dei mange gode fiskevatna i Jotunheimen. Kvar morgon er det frokostbuffet der gjestene kan smørje seg niste til fjellturen.
I restauranten vår serverer vi frokost, middag frå ein a la carte-meny på dagtid og ein god treretters middag om kvelden. På frokostbuffeten kan du smørje nistepakke og å få fyllt termos til dagens tur.

Kaféen er open frå klokka 11.00 til 20.30 kvar dag. Frå klokka 13.30 og utover ettermiddagen serverer vi middag frå ein a la carte-meny. Dersom du ynskjer å reserverer bord til treretters middag, tek vi gjerne i mot bestillinga di dagen i forvegen.

VINTER
Vintersesongen varar frå 11. februar til 17. mai 2021, og Gjendeguiden har guida vinterturar til Besseggen kvar fredag frå fyrst i februar til 19. april! (Sjå under). Vi kjører opp skiløyper her i Sjodalen frå vi opnar i februar og til over påske.

I april og mai er det tid for vårskiturar. Da er det ljose, lange dagar og fint å gå på 2000- meters toppar i Jotunheimen og på Valdresflya. Det blir også kjørt opp løyper oppe på Valdresflya i mai.

BESSEGGEN
Besseggen er ein av dei mest populære fjellturane i landet. Dei fleste går Besseggen i sommarsesongen, men det er faktisk mogleg å gå den kjende eggen og på vinterstid. Da kan du risikere å vere der heilt for deg sjølv. Turen går da på fjellski eller randoneeski frå Bessheim, opp til Bessvatnet og over isen på Bessvatnet, på langs. Ein kjem da til Bandet, som er det smalaste partiet mellom Gjende og Bessvatn, og startar oppstigninga av Besseggen. Her tek ein skia på sekken opp sjølve eggen. Det kan vere lurt med stegjern og isøks på glatte partiar. Når du har gått opp heile Besseggen kjem du til høgaste punktet, Veslfjellet, 1743 m.o.h. Eit stykke etter toppen deler stigen seg, og du køyrer ned til venstre, ned att til Bessvatnet og retur ned til Bessheim.

SOMMAR
Fottursesongen startar fredag 4. juni i 2021. Gjendebåten startar å frakte passasjerar for å gå Besseggen frå laurdag 12. juni 2021. Gjendebåten går kvar dag fram til 10. oktober 2020, og Bessheim held ope like lenge.

Det er dette som er tida for å gå Besseggen og mange andre fine fjellturar i Jotunheimen. Gjendebåten går stort sett kvar dag i denne perioden. Båttidene finn du på www.gjende.no, og på www.besseggen.net finn du all informasjonen du treng for å gå ein av dei mest populære fjellturane i landet. NB: Hugs at du må bestille deg båtbillett på førehand!


  • Last Updated:
  • Source: Nasjonalparkriket Reiseliv AS

Generelt

Landskap
  • Fjellområde

Overnatting

Hotellfasiliteter
  • Bar
  • Restaurant/café
  • Badstue

Utendørsaktiviteter

Kano og kajakk
  • Utleie av utstyr

Planlegg reisen

Tjenester
  • Kjæledyr tillatt
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages