Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Eastern Norway Gudbrandsdalen Vågå

Bessheim fjellstue

  • ​​​​​​Sjodalsvegen 2977, Vågå
  • +47 61238913
  •  /  km From You
Overview

Topptur på Valdresflya? Eller kanskje vintertur over Besseggen? Bessheim fjellstue ligg glimrande til for idylliske vinteropplevingar!

Bessheim fjellstue ligg like ved fjellryggen Besseggen i Jotunheimen. Sentralt plassert ved fylkesveg 51, har Bessheim sidan 1890 losjert og servert fjellvandrarar og reisande langs den Nasjonale turistvegen over Valdresflya. 

Dessutan er Bessheim ein del av Høgruta i Jotunheimen  - og startstad for denne populære 5-dagarsturen i hjarta i Jotunheimen.  Du kan anten bruke fjellstova som ein stoppestad på ein lengre tur, eller bu her fleire dagar og utforske lokale fjelltoppar. Kva med å gå turen over Besseggen på ski?

Overnatting: 
Bessheim tilbyr overnatting i rom, leilegheiter og i hytter. I tillegg har vi ein liten campingplass. Vi har totalt 180 senger fordelt på 27 rom og 27 hytter og leilegheiter. Inne på fjellstua har vi 64 av desse sengene. Romma har ikkje hotellstandard, men det er oppreidde senger og dusj og toalett på dei fleste.Hyttene har mellom 2 og 10 senger, og storleik og standard varierer mykje.

Mat: 
På Bessheim serverer vi norsk, tradisjonell mat. Vi likar å serverer reinsdyrkjøt frå Vågå Tamrein AS, hjort og elg frå lokale jegerar og fjellaure frå dei mange gode fiskevatna i Jotunheimen. Kvar morgon er det frokostbuffet der gjestene kan smørje seg niste til fjellturen.

I restauranten vår serverer vi frokost, middag frå ein a la carte-meny på dagtid og ein god treretters middag om kvelden. På frokostbuffeten kan du smørje nistepakke og å få fyllt termos til dagens tur.

Kaféen er open frå klokka 11.00 til 20.30 kvar dag. Frå klokka 13.30 og utover ettermiddagen serverer vi middag frå ein a la carte-meny. Dersom du ynskjer å reserverer bord til treretters middag, tek vi gjerne i mot bestillinga di dagen i forvegen.

Vinter: 
Vintersesongen varar frå 6. februar til 17. mai 2020, og Gjendeguiden har guida vinterturar til Besseggen kvar fredag frå 7. februar til 3. april! (Sjå under). Vi kjører opp skiløyper her i Sjodalen frå vi opnar i februar og til over påske. 

I april og mai er det tid for vårskiturar. Da er det ljose, lange dagar og fint å gå på 2000-meters toppar i Jotunheimen og på Valdresflya. Det blir også kjørt opp løyper oppe på Valdresflya i mai.

Besseggen: 
Besseggen er ein av dei mest populære fjellturane i landet. Dei fleste går Besseggen i sommarsesongen, men det er faktisk mogleg å gå den kjende eggen og på vinterstid. Da kan du risikere å vere der heilt for deg sjølv. Turen går da på fjellski eller randoneeski frå Bessheim, opp til Bessvatnet og over isen på Bessvatnet, på langs. Ein kjem da til Bandet, som er det smalaste partiet mellom Gjende og Bessvatn, og startar oppstigninga av Besseggen. Her tek ein skia på sekken opp sjølve eggen. Det kan vere lurt med stegjern og isøks på glatte partiar. Når du har gått opp heile Besseggen kjem du til høgaste punktet, Veslfjellet, 1743 m.o.h. Eit stykke etter toppen deler stigen seg, og du køyrer ned til venstre, ned att til Bessvatnet og retur ned til Bessheim.

Sommar: Fottursesongen startar fredag 5. juni i 2020, for da startar Gjendebåten å frakte passasjerar for å gå Besseggen. Gjendebåten går kvar dag fram til 4. oktober 2020, og Bessheim held ope like lenge.  

Det er dette som er tida for å gå Besseggen og mange andre fine fjellturar i Jotunheimen. Gjendebåten går stort sett kvar dag i denne perioden. For å finne båttidene går du inn på www.gjende.no Her og på www.besseggen.net finn du all informasjonen du treng for å gå ein av dei mest populære fjellturane i landet. NB: Hugs at du må bestille deg båtbillett på førehand!

Kontakt:
Bessheim Fjellstue AS

Sjodalsvegen 2977
2680 VÅGÅ

Heimeside: www.bessheim.no

E-post: post@bessheim.no

Telefon: +47 61 23 89  13


  • Last Updated:
  • Source: Visit Jotunheimen AS

Opening hours

6. feb. 2020 – 17. mai 2020
Daily
5. juni 2020 – 4. okt. 2020
Daily
See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages