Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Bergen

BEST WESTERN PLUS Hotell Hordaheimen

  • C. Sundtsgate 18, Bergen
  • +47 55335000
  •  /  km From You
Overview

Hordaheimen er plassert i hjarta av Bergen og byens attraksjonar, shopping og restauranter er berre eit steinkast unna.

Kjenn deg som heime!
BEST WESTERN PLUS Hotell Hordaheimen er i dag eit moderne forretningshotell med 88 nyrenoverte og komfortable rom. Hotellet har 55 standardrom og 33 superiorrom for dei som ynskjer litt ekstra komfort.

Alle rom har Svane Zenithsenger frå Ekornes og eige bad med dusj. Flatskjerm-tv og arbeidsplass på alle rom. Frukostbuffet er inkludert og kaffi er gratis for gjestar 24 timar i døgnet. Buande gjestar får 10% rabatt på all matservering i Kaffistova. Gratis wi-fi på hele hotellet. Superior-romma har minibar og safe, stressless og PC-bord, og særs romslege bad. På familierom er det plass til 2 vaksne og 2 barn (inkludert baby i babyseng). 


Vi har ei moderne kurs og konferanseavdeling med plass til inntil 65 personar, og vår historiske restaurant Kaffistova byr på god heimelaga norsk tradisjonsmat.


Som vår gjest er du i sentrum av opplevingane Bergen har å by på, attraksjonar, shopping og byens uteliv er berre eit steinkast unna. Hordaheimen ligg berre 100 meter frå trafikknutepunktet Strandkaien, der ein finn både Turistinformasjonen, lokalruter med båt til Sogn og Haugesund, samt haldeplass til lokale bussar.


Gågaten ligg på baksida av hotellet. Kort veg til attraksjonar, restaurantar og shopping.


Hordaheimen er det eldste hotellet i Bergen og har lang røynsle i gjestehandsaming.


Vi har drive hotell og Kaffistove sidan 1918 med same eigar i alle år, Bondeungdomslaget i Bergen.


Norsk kultur og tradisjon er viktig for oss på Hordaheimen, rundt om i huset finn du flotte møblar med ornament frå mellomalderen laga av kunstnaren Lars Kinsarvik.  Kunst frå Nils Bergslien prydar resepsjonen vår. Kvar etasje er oppkalla etter kvar sin nynorske diktar, og i korridorane finn du dikt med tilhøyrande bilete av diktarar som Halldis Moren Vesaas, Olav H Hauge, Ivar Aasen med fleire.


Ivar Aasen står og for slagordet vi har hatt sidan 1918, ” ein gjest er ikkje berre ein gjest, ein gjest er ein ven”.


Sov betre enn i di eiga seng og start dagen med ein herleg frukost, lat Hordaheimen verte DIN heim i Bergen!


  • Last Updated:
  • Source: Bergen Reiselivslag
Click to activate
Bergen, Norway
The latitude and longitude
60° 23' 44" N / 5° 19' 5" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad