Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Voss

Bike the Fjords – Hardangerfjorden

  • +47 48210151
  •  /  km From You
Overview

Denne fantastiske reisa varer over åtte dagar, med seks dagar på sykkel gjennom vakkert vest-norsk fjordlandskap.

Denne fantastiske reisa varer over åtte dagar, med seks dagar på sykkel gjennom vakkert vest-norsk fjordlandskap. Undervegs vil du eta og sova godt på De Historiske Hoteller & spisesteder langs Hardangerfjorden. Syklinga går i variert og lett kupert terreng, men undervegs er det nokon bakkar som må forserast. Våre lokalkjende guidar blir med for å gje deg den beste opplevinga. Følgebilen vil vera tilgjengjengeleg for deg kvar dag langs heile turen. El-sykkel kan og leigast på heile eller delar av turen.

Dette er signatur-turen i Bike The Fjords og Fjord Norge. Du får sjansen til å sjå ein av dei vakraste fjordane i Norge på nært hald. Attraksjonar slik som Bryggen i Bergen, De Historiske Hoteller og spisesteder, Utne, Herand, Ulvik, Ullensvang og Voss er kjende plassar du vil passera på sykkelturen. 

Guida sykkelturar er tilgjengelege:

8. - 15. juni 2018
22. - 29. juni 2018
13. - 20. juli 2018
13. - 19. august 2018
24. - 31. august 2018
7. - 14. september 2018
 
Sjølvguida tur:
Sykkelturar utan guide kan du bestille når det passar deg, ta kontakt for bestilling. 

For meir informasjon og bestilling, send epost til: post@bikethefjords.com eller sjå nettsida: www.bikethefjords.com

 

Detaljar:

Region: Fjord Norge, vestlandet, Hardanger
Destinasjon: Hardanger, Bergen, Voss
Varigheit: 8 dagar / 7 overnattingar/ 6 dagar sykling
Nivå: Krev trening på førehand
Pris med guide frå: NOK 25 300,- per pers
Pris utan guide frå: NOK 20 600 ,- per pers
Tillegg per person i enkeltrom: kr 2500,- per pers

 

Dag 1: Ankomst – Velkomen til Voss

Me møtest på ettermiddagen for ein varm velkomst på Store Ringheim Hotel & Restaurant. Dette er eit veldig sjarmerande hotell i utkanten av Voss sentrum. Alle romma er unikt designa og fint dekorerte. Me møter “crewet” og resten av gruppa som skal vera med på sykkelturen. Eit glas vin eller mineralvatn og litt Norsk “tapas” blir servert mendan informasjon om den komande turen vert presantert. Me set av litt tid for å tilpasse og prøve syklane. Du kan lesa om kva type syklar me har her. Det er moglegheit for å ta ein kort sykkeltur for å teste syklane, då syklar me til Mølstertunet (Voss Folkemuseum) som ligg i nærleiken. Her er det ein fantastisk utsikt over Vos sentrum, Vangsvatnet og fjellområda rundt. Tre-rettars middag er inkludert og blir servert på Store Ringheim Hotel & Restaurant på kvelden.

•  Høgdepunkt: Voss, Mølstertunet, Voss Folk Museum

•  Sykkellengd: 2 km (for å testa utstyret)

•  Måltider: Norsk “tapas” og tre-rettars middag

•  Overnatting: Store Ringheim Hotel & Restaurant
 

Dag 2: Sykling på Voss

Etter ein nydeleg frukost på Store Ringheim Hotel & Restaurant set me kursen mot Tvindefossen. Her er det moglegheit for å kome fossen på nært hald, kjøpe is og nyte utsikta. Etterpå syklar me same vegen mot Voss igjen, og her vil vera fleire moglegheiter for å skaffe seg lunsj når me er tilbake.

Etter lunsj startar me på sykkeltur nummer 2 for dagen, nemleg rundt Vangsvatnet. Denne turen går rundt vatnet og gjennom gamle gardstun og nydeleg natur. Du kan lesa meir om turen til Tvindefossen og rundt Vangsvatnet her. 

•  Høgdepunkt: Voss, Tvindefossen, Vangsvatnet

•  Sykkellengd: 54km, (31km før lunsj, 23km etter lunsj)

•  Måltider: Frukost, tre-rettars middag

•  Overnatting: Store Ringheim Hotel & Restaurant
 

Dag 3: Me set kursen mot fjordane!

Etter ein god frukost vender me snuten sørover til Hardangerfjorden.  Det vil vera ein lang, men slakk oppoverbakke på starten av turen, når me kjem til Skjervsfossen vil me ta ein liten pause for å sjå på den nydelege utsikta. Her i frå syklar me ned dei bratte svingane i “Skjervet”, (kjend frå sykkelrittet Bergen – Voss), mot Granvin og her vil me få auga på Hardangerfjorden for fyrste gong. I Granvin tek me ein kaffipause og her vil det vera moglegheit for å kjøpa seg noko lite. Vidare syklar me langs fjorden mot Kvanndal ferjekai, her tek me ferja over fjorden til Utne Hotel kor me skal vera for kvelden. 

•  Høgdepunkt: Skjervsfossen, Skjervet, Granvin, Hardangerfjorden, Kvanndal, Utne

•  Sykkellengd: 40km 

•  Terreng: Ein lang men slakk bakke (11km) i starten, deretter nedover og flatt, litt kupert på slutten 

•  Måltider: Frukost, tre-rettars middag

•  Overnatting: Utne Hotel
 

Dag 4: Hardangerfjorden på kryss og tvers!

Etter frukost på Utne Hotel tek me ferja over Hardangerfjorden til Kinsarvik, her i frå syklar me mot Ulvik. På denne dagen vil me krysse den berømte Hardangerbrua før me tek lunsj på Brakanes Hotel i Ulvik. Etter lunsj syklar me frå Ulvik til Granvin, Kvanndal og tek ferja over Hardangerfjorden igjen tilbake til Utne.

•  Høgdepunkt: Utne, Kinsarvik, Hardangerbrua, Ulvik, Espeland 

•  Sykkellengd: 65km

•  Terreng: I starten både flatt og kupert, ein stor klatreetappe etter lunsj

•  Måltider: Frukost, tre-rettars middag

•  Overnatting: Utne Hotel
 

Dag 5: Sykling langs Hardangerfjorden

Etter frukost i nydeleg omgjevnader på Utne Hotel syklar me sørover langs Hardangerfjorden. Denne dagen vil me passere små frukt-gardar og sjarmerande stader slik som Lothe, Alsåker og Herand. I Herand vil me ha ein kort stopp for å eta is og drikka kaffi på den koselege bukta. Me trør vidare mot Jondal kor det vil vera tid til å kjøpa lunsj på kaien. Etter lunsj tek me ferja til Tørvikbygd på andre sida av Hardangerfjorden. Vidare syklar me siste strekning til hotellet vårt, Hardingasete – som er eit koseleg gjestetun med moglegheit til å bade i stamp (må førehandsbestillast).

•  Høgdepunkt: Bløming i Hardanger i Mai/Juni. Koselege stader som Alsåker, Lothe, Herand, Jondal. Ferjetur. Tørvikbygd, Hardingasete. Stamp.

•  Sykkellengd: 43km

•  Terreng: Variasjon mellom flatt og kupert, to lengre klatreetappar

•  Måltider: Frukost, middag

•  Overnatting: Hardingasete
 

Dag 6: Sykling til Steindalsfossen

Denne dagen skal me på ein rundtur frå Hardingasete og tilbake. Me startar dagen med å sykle til Norheimsund og me vil ta oss god tid til å sjå på Steinsdalsfossen. I Norheimsund kan du velja mellom fleire plassar til å kjøpa deg lunsj. Etter lunsj syklar me tilbake til Hardingasete kor me blir servert eit nydeleg måltid på kvelden. 

•  Høgdepunkt: Norheimsund, Steinsdalsfossen waterfall, The Hardanger Fjord

•  Sykkellengd: 43 km 

•  Terreng: Mest flatt, nokon små stigningar

•  Måltider: Frukost, tre-rettars middag

•  Overnatting: Hardingasete 

 

Dag 7: Siste dag med sykling, avslutning på SPA. 

Me fortset den siste delen på turen langs fjorden til Mundheim, her i frå kjem det ein klatreetappe i det me forlet Hardangerfjorden. Sakte men sikkert endrar landskapet seg, fjella kjem nærare og eit par vatn dukkar opp i det me nærmar oss Skjelbreid for lunsj. Dette er eit spesielt gjestehus som er eigd av toppidrettsutøvarane Liv Grete Skjelbreid og Raphael Poiree. Etter me har beundra den flotte staden, utsikta og alle dei olympiske- og verdsmeistermedaljane går turen vidare. Me syklar mot Fusafjorden og tek ferja over frå Venjaneset til Hatvik. Her i frå er det ein kort sykkeldistanse til det neste hotellet, nemleg Solstrand Hotel & Bad. Hotellet ligg nydeleg plassert ved Bjørnafjorden og har nydelege hagar, og luksuriøse fasilitetar. Her må ein ta seg ein tur i spa-avdelingen, eller ein svømmetur i inne eller utendørs-bassenget før middagen blir servert på kvelden. 

•  Høgdepunkt: Strandebarm, Skjelbreid, Fusafjorden, Bjørnafjorden, Os, Solstrand, SPA, 

•  Sykkellengd: 63km 

•  Terreng: Mest flatt men med eit par stigningar

•  Måltider: Frukost, tre-rettars middag

•  Overnatting: Solstrand Hotel & Bad
 

Dag 8 – Siste dag 

Etter frukost på Solstrand Hotel & Bad er det mogleg å leggje til ei ekstra overnatting i Bergen (på etterspurnad), dersom ein vil utforske Bergen by. Alternativt: Transport til Bergen flyplass Flesland eller til Bergen sentrum på eiga hand. 


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS

Price

Description Price*
Pris Guida tur 25300,00 Fra pris
Pris Sjølvguida tur 20600,00 Fra pris
* Price from
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad