Dynamic Variation:
Offers
Choose Language
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Voss

Bike the Fjords - Nærøyfjorden verdsarvområde

  • (+47) 48 21 01 51
  •  /  km From You
Overview

Denne sykkelturen går innom kjende attraksjonar som Stalheimskleiva, Nærøyfjorden, Gudvangen, Flåm og Flåmsbana.

Sykkelturen går gjennom UNESCO sitt verdsarvområde i Nærøyfjorden i fantastisk vest-norsk kulturlandskap. På vegen er du innom kjende attraksjonar som Norges brattaste offentlege veg Stalheimskleiva, Stalheim Hotell, Nærøydalen, Nærøyfjorden, Gudvangen, Flåm og Flåmsbana. Du får oppleva å sykla ned Stalheimskleiva, for ikkje å snakka om ein båttur i sjølve Nærøyfjorden. Sykkelturen avsluttast med den berømte Flåmsbana.

På denne turen kan du velge om du vil ha med ein guide frå Bike The Fjords. Me anbefaler ein guide som kan sikre deg ein trygg og god sykkeltur. Men det er og mogleg å gjere denne turen som sjølv-guida.

Guida sykkelturar er tilgjengelege:

18. - 20. mai 2018
4. - 6. juni 2018
2. - 4. juli 2018
3. - 5. september 2018

Sjølvguida tur:
Sykkelturar utan guide kan du bestille når det passar deg, for meir informasjon og bestilling ta kontakt på e-post: post@bikethefjords.com eller sjå nettsida: www.bikethefjords.com

 

Detaljar:

Varigheit: 3 dagar / 2 overnattingar
Nivå: Krev litt trening, anbefalt aldersgrense 12 år +
Pris med guide frå: NOK 8.900,- per person
Pris sjølvguida tur frå: NOK 6.400,- per person
Tillegg for enkeltrom per person frå: NOK 1600,-

 

Nærøyfjorden turen - dag for dag

Dag 1: Velkomen til Voss!
Me møtest på Store Ringheim Hotell & Restaurant på ettermiddagen. Dette er eit veldig koseleg hotell i utkanten av Voss sentrum. Alle romma er unikt designa og dekorerte. Alle som skal vera med på turen samlast for å verte kjend, og det blir servert lokal øl, mineralvatn og litt norsk ”tapas”. Informasjon om turen blir delt ut og me sett av tid til å justere syklar og utstyr. Det er tre forskjellege syklar å velga mellom, les meir om dei ulike typane på: www.bikethefjords.com . På kvelden er det moglegheiter for ein kort tur for å teste sykkelen, vi syklar då mot Voss Folkemuseum Mølstertunet. Her i frå har ein nydeleg utsikt ut over Voss sentrum, Vangsvatnet og fjella rundt. På kvelden blir det servert tre rettars middag på hotellet.

•    Måltid: Tre rettars middag
•    Destinasjonar: Voss
•    Overnatting: Store Ringheim Hotell & Restaurant

 

Dag 2: Sykling ned Stalheimskleiva mot Nærøyfjorden

Etter ein god frukost på Store Ringheim syklar me mot Tvindefossen. På vegen passerer me nydeleg natur, mange små innsjøar og gardstun. Denne dagen vil me sykle på små sidevegar, men og nokon strekk vil gå langs trafikkerte vegar. Det er nokon kilometer med stigning langs E16 opp til Oppheimsvatnet der me svingar av på ein mindre veg mot Stalheim. Stalheim er eit svært kjent landemerke og ein perfekt stad å kjøpa seg lunsj som ein kan nyta inntil utsikta. Etter lunsj går turen ned den berømte Stalheimskleiva . som består av 13 hårnålssvingar og har i snitt over 20 % stigning (det er derfor vi syklar ned). Frå botn av Stalheimskleiva er det lett terreng nedover mot Nærøyfjorden og Gudvangen kor me skal bu for natta.

•    Måltid: frukost, tre rettars middag, 
•    Destinasjonar: Stalheim, Stalheimskleiva, Nærøyfjorden
•    Overnatting: Gudvangen Fjordtell

 

Dag 3: Båttur på Nærøyfjorden, sightseeing i Flåm og Flåmsbana

Etter ein tidleg ”Viking” frukost i Gudvangen går vi om bord på ferja som tar oss på den berømte Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden mot Flåm. Det er satt av tid til sightseeing og lunsj i Flåm før ein går på Flåmsbana. På Myrdal må me skifte tog gjennom tunnelen til Ljosanbotn. Dette er ein veldig lokal tog stopp me skal av på. Her i frå syklar me ned langs elva til ein kulp / badeplass som vert kalla ”Keep Smiling”. Her er det moglegheiter for å ta eit forfriskande bad før me syklar vidare ned Raundalen mot Voss.

•    Måltid: Frukost
•    Destinasjonar:  Flåm, Flåmsbana, Bergensbana, Voss, Bergen 

Sykkelturen endar i Voss sentrum seint på ettermiddagen. Det er mogleg å legge til ei overnatting på Voss og Store Ringheim Hotell & Restaurant på etterspørsel. Alternativt: transport til Bergen eller Oslo med tog eller på eiga hand.

 


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS

Price

Description Price*
Pris Tur med guide 8990,00 Fra pris
Pris Sjølvguida tur 6400,00 Fra pris
* Price from
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad