Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Tokke

Birdbox Tokke

Book

Overnatting i en unik og luksoriøs Birdbox ved Åmlivatn i nærheten av Dalen i Telemark.

Opplev norsk villmark i ein luksuriøs Birdbox! Koseboksen står heilt nede ved vatnet, 100 meter frå parkeringsplassen. Her kan du sove i ei stor dobbeltseng og vakne til ei heilt fantastisk utsikt. Kjenn på roen ved Åmlivatn, medan fisken vakar, fuglene kvitrar og beveren glir stille forbi. Ta deg ein fisketur i båten eller sett deg på brygga og kjenn på roen.

Uansett om du er naturelskar eller naturfotograf er dette ein heilt unik plass. Dyre- og fuglelivet er rikt samtidig som naturen er som henta ut av eit eventyr.

Vi kan også friste med toalett og dusj med eit heilt einvegsglass i front, der du kan nyte naturen ut, men ikkje inn.

Vi har satt opp brygge og har eigen båt til disposisjon, samt ei bålpanne og ved som står klar til gjestene.

Gjestene får heile staden heilt for seg sjølv.

Kort avstand til attraksjonar som Åmdals Verk Gruver og Grimdalstunet, 20 minutt køyring til Dalen med m.a storslåtte Dalen Hotel og Soria Moria sauna. 

Last updated: 01/02/2024

Source: Vest Telemark

Birdbox Tokke

Book

Sider du nylig har besøkt