Søvik
Bjørnøya Kystfort
Family friendly
Guest parking
Bjørnøya kystfort er eit rikt kulturminneområde. Under andre verdskrig var området brukt som kystfort, og ein finn difor bunkarar og skyttargangar i området.
Fjøreområdet rundt kystfortet er svært flott, og ein har utsikt til øyane rundt. Der er også mange stier or fine turmoglegheiter rundt fortet. Du finn benkebord enkelte stadar.
Pass godt på barna, det er ikkje alle bunkrane og skyttargangane som er sikra! Det er også bandtvang grunna beitedyr. Det går fint an å trille i området, men dei siste 100 metrane går langs sti som kan vere vanskeleg med vogn.
Last updated: 09/12/2023
Source: Ålesund & Sunnmøre
Bjørnøya Kystfort