Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Matredal

Bjørn West Museet – Museum Vest

  • Matre, Masfjorden
  • +47 56366300
  •  /  km From You
Overview

Bjørn West var ein geriljabase som heldt til i Masfjordfjella dei siste 6 månadene av andre verdenskrig. Dei siste kampane i Europa fann stad akkurat her.

Bjørn West museet har namnet sitt etter ein geriljabase som vart etablert i fjella i Masfjorden dei siste 6 månadene av 2. verdskrigen. I planane til dei allierte skulle basen operera som reserve bak dei tyske linjene i tilfelle alliert invasjon. Den skulle også fungere som tilfluktstad for norske ungdomar som stod i fare for å verte mobilisert til kamp på tysk side.

I oktober 1944 vart 7 offiserar frå kompani Linge sende frå Shetland med ubåtjagar og landsette ute på kysten. Ved juletider heldt dei til i fjellområda på sørsida av Masfjorden då dei fyrste rekruttane kom. Basen stod under direkte kommando av Forsvarets overkommando i London og vart bemanna med soldatar frå heimefronten (Milorg) i Bergen, Os og bygdene omkring baseområdet. Ved krigens slutt hadde basen 259 soldatar. Soldatane fekk forsyningane sine frå England, fram til april 1945 for det meste med ubåtjagarar frå Shetland. Ute ved kysten vart forsyningane lasta over i mindre båtar og frakta inn til utvalde stader langs fjorden. Derfrå blei dei borne opp til forlegningane. Det var mykje stormfullt ver i denne perioden og til tider prekær matmangel.

I starten på april betra veret seg, og fly frå det engelske og amerikanske flyvåpenet overtok transporten. Natta mellom 14. og 15. april kom heile 16 fly med utstyr til basen, truleg det største flysleppet til ei avdeling i det okkuperte Noreg. Soldatane var innkvarterte i sel og hytter i området. Sela var gjennomgåande små med 2-3 soveplassar og bygde for sommarbruk. I kvart sel var gjerne 8-10 soldatar innkvartert.

Etableringa av basen var eit farleg vågespel. I luftlinje låg han berre 50-60 km frå Bergen. Tyskarane måtte haldast uvitande så lenge som mogeleg, og heller ikkje sivile norske måtte vita om han. Utan aktiv støtte og hjelp utanfrå og frå sjølvoppofrande kontaktpersonar i bygdene rundt området, ville det ikkje vore mogleg for Bjørn West-organisasjonen å etablere nokon base her.

Barn under 18 år gratis.


  • Last Updated:
  • Source: Bergen Reiselivslag
Click to activate
Masfjorden, Norway
The latitude and longitude
60° 52' 35" N / 5° 35' 6" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad