Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Lunner

Bjerke opplevelser

Bjerke Opplevelser tilbyr samlingar, eventyr og turar i Jotunheimen. Fjell, bre og randonee. Lagar pakker på bestilling for grupper, f.eks. teambuilding og venneturar.

Alle årstider har sin sjarm i Jotunheimen og Bjerke Opplevelser tilbyr eit bredt spekter av turar og opplevingar i Jotunheimen heile året.

Bjerke Opplevelser har ein sosial og trygg profil, og satser mykje på samlingar som inkluderer overnatting, mat og sosial hygge i tillegg til spennande turar. Samlingane er ofte temabaserte. Eksemplar er randosamling, bresamling, topptursamling og jentetopptursamling. Aktivitetsselskapet arrangerer også dagsturar, og samarbeider med andre aktørar innan reiseliv i Jotunheimen for å lage totalpakkar med det beste frå fleire. 

Samlingar og enkeltturar blir annonsert på Facebook-sida, og det er òg mogleg å forespørje andre datoar for skreddersydde turar eller pakker. Sjå bilder frå turar og samlingar på Instagram for inspirasjon.

Bjerke Opplevelser har dessutan eit eiget konsept kalt "Lykketur" som kombinerer å hente energi frå fleire hald; både fra fjellheimen og via andre metoder som f.eks. yoga.

Dei arrangerer også fjellcamp for ungdom og samlingar med kurs, f.eks. introkurs i skred og randoteknikk.

Bjerke Opplevelser vart stifta i 2023. Dagleg leiar er Yvonne Bjerke som har mange års erfaring som arrangør og turleiar for Den norske turistforening (DNT) i Jotunheimen, og som tilbringer så mykje tid som mogleg i favorittfjellheimen.

Kilde: Visit Jotunheimen AS

0

Bjerke opplevelser

Sider du nylig har besøkt