Lom

Bjerke Opplevelser

Bestill
  • Send oss en epost

  • +47 98238453

Bjerke Opplevelser er eit aktivitetsfirma som tilbyr eit bredt spekter av turar og opplevingar i Jotunheimen heile året.

Yvonne Cecilie Bridget Bjerke har mange års erfaring som arrangør og turleiar for Den Norske Turistforening (DNT) i Jotunheimen, og tilbringer så mykje tid som mogleg i favorittfjellheimen. I 2023 stifta ho aktivitetsfirmaet Bjerke Opplevelser, som tilbyr eit breitt spekter av turar og samlingar i fjell og på bre i Jotunheimen– heile året. Bjerke Opplevelser har ein sosial og trygg profil, med fokus på samlingar som inkluderer overnatting, mat og hygge i tillegg til spennande turar. Samlingane er ofte temabaserte, som randosamling, bresamling, topptursamling og jentetopptursamling. I tillegg arrangerer dei dagsturar og samarbeider med andre aktørar for å lage totalpakkar med det beste frå Jotunheimen. Samlingar og turar blir annonsert på Facebook, og det er mogleg å forespørje skreddarsydde opplegg.

Kilde: Visit Jotunheimen AS