Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Flora

Blåbrebu

  • +47 90024795
  •  /  km From You
Overview
Details

DNT-hytte på særprega hylleformasjonar nær den fasinerande Ålfotbreen. 

Blåbrebu - DNT-hytte på særprega hylleformasjonar nær den fasinerande Ålfotbreen. 

Blåbrebu ligg like vest for den delen av Ålfotbreen som vert kalla Blåbreen. Her ligg to hytter; Gamlebua og Nyehytta. Begge ligg i 800 m høgde. Nyehytta, som ligg ca. 300 meter lenger nord enn Gamlebua, er romsleg og godt utstyrt. Med 3 soverom og soveplassar i stova og på hemsen er det totalt 14 sengeplassar. Begge hyttene har kokemoglegheiter og kjøkkenutstyr. Det er ikkje proviant på hyttene. Det kjem som regel mykje nedbør i dette området, og snøen kan ligge langt ut på sommaren.

 

TURBESKRIVELSE

Turen til Blåbrebu startar i Grøndalen, inst i Nordalsfjorden, ca. 300m før ein kjem fram til garden. Her er informasjonstavle og skilt mot dei to hyttene som er Blåbrebu. Stien er godt synleg men lite merkt i den nedre delen, men frå nordenden av Stølsvatnet er det god merking. Stien startar ganske bratt og slakkar noko ut når ein kjem til første hylla, eller legda, som slike hyller vert kalla.

Stien følgjer legda i nordaustleg retning, og på det høgste punktet går en opp ein liten hammar, og kjem etter kvart opp i neste legd som er så og seie flat. Før ein går opp hammaren, kan ein gjerne setje av seg sekken og ta ein avstikkar sørover til kanten av legda. Her, ved toppen av stupet, er det fin utsikt over Grøndalen og mot dei geologisk interessante hylleformasjonane i fjellet aust for Grøndalen. Framme på kanten av legda ligg det ei heilt spesiell fure som måtte gje tapt i ein storm for nokre år sidan.

Frå den neste flate lengda, tek ein etter kvart bratt opp til venstre, opp på høgda sør for Stølsvatnet. Stien vidare går langs vestsida av vatnet fram til Grøndalsstøylen ved nordenden. Stølsvatnet (346moh.) ligg lunt til i ei gryte med høge fjell på tre sider. Dette er eit flott fiskevatn, og ein finn både fiskeplassar og teltplassar rundt vatnet. Viss ein synest badevatnet er for kaldt, kan ein leite seg fram til eit «badekar» ved fossen som renn ut i vatnet.

Frå nordenden av Stølsvatnet er ruta T-merkt, og ein går til høgre for ei privat hytt, og etter kvart kryssa rein Stølselva på bru. Rett på andre sida deler stien seg, og den tydelegaste tek til venstre i retning Blåbrebu. Ein nesten usynleg sti tek til høgre og går vidare opp fjellet rett til Ålfotbreen. Stien vidare går oppover forbi Stølsfossen og langs høgre side av elva til ein kjem opp i kanten av Storebotsskaret. Elva vert kryssa like på nedsida av eit lite vatn, men om vassføringa er låg nok, kan ein godt krysse elva litt lenger nede. Vidare oppover skaret kryssa rein elva tre gonger, går gjennom ei ur, og gjennom eit nytt stykke ur på høgre sida av det øvste vatnet i skaret. Frå toppen av skaret går ein eit lite stykke ned på nordsida, dreiar skarpt til høre opp frå skaret. Når ein kjem opp på kanten, ser ein begge hyttene eit stykke unna.. Vis varsemd ved kryssing av brua over til nyehytta. Frå hyttene er det fin utsikt til fjell i alle retningar, og til breen sør for Plogen. Både gamlebua og nyehytta ligg i 800 m høgd, like vest for den delen av Ålfotbreen som vert kalla Blåbreen. Nyehytta, som ligg ca. 300m lenger nord enn gamlebua, er romsleg og godt utstyrt. Med 3 soverom og soveplassar i stova og på hemsen, er det sengeplass nok til ein heil skuleklasse. Begge hyttene har koke- og kjøkkenutstyr, og på nyehytta er det sengetøy. Det er ikkje proviant på hyttene. Det kjem som regel mykje nedbør i dette område, og det kan vere att det er ein del snø på ruta opp til Blåbrebu i juli.


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Båt er tilgjengelig
  • Jakt og fiske
Kano og kajakk
  • Kanopadling
Fisking
  • Ferskvannsfiske
Green Travel
The Blåbrebu has obtained certification for their environmental efforts by:
Environmental certification of private and public enterprises, also tourism.
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages