VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
close
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland SOGNDAL

Blåfjellet Topptur Sogndal

  • Sogndal Skisenter, Hodlekve, Sogndal
  •  /  km From You
Overview

Blåfjellet er ein lett tilgjengeleg topp vest for Sogndalsdalen. Den 1397 meter høge toppen byr på storslagen utsikt mot fjella i indre Sogn med både Hurrungane i Jotunheimen og Bleia sør for Sognefjorden i horisonten.

Blåfjell 1397 moh / Sogndal

Er det god sikt kan du frå toppen sjå både Falketind og Fresvikbreen.

Opp: Lettaste tur til topps går frå alpinanlegget ved Sogndal Skisenter Hodlekve. Frå toppen av skitrekket der er det vanlegvis tråkka spor opp til vel 1000 meter på Vardafjell. Derfrå går turen vestover langs ryggen på Kambafjellet. Lettast å komma opp på toppen av Blåfjellet er det frå sør.

Ned: Returen kan du gå same vegen eller ned i Stilledalen. Siste henget ned Stilledalen er det brattaste. Dette henge er opp i mot 30 grader bratt. Nede ved Britasteinen kjem ein inn på merka langrennsløype som går ned igjen til Sogndal Skisenter Hodlekve.

Adkomst: Køyr til Sogndal Skisenter Hodlekve langs E 5 mellom Sogndal og Fjærland.

Fakta:

Tid opp/ned

2-4 timar / 4,3 km

Sesong:

desember - april

Farar:

Skred

Lengde ned køyring:

877 høgdemeter

Brattaste punkt:

Under 30 grader. Nokre mindre heng som er på 30-33 grader

Vanskegrad: Lett. Stor og jamn side med svak helling. Grei skog vanlegvis. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ei risiko.

Kjelde: ut.no / Friflyt.no


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages