3
Blåtinden
Blåtinden (ved Haddalfjell) på 697 m.o.h. er den høgste toppen på Hareidlandet. Det er fleire alternative ruter opp til toppen, frå blant anna Haddal og Gjerde, og turen kan gjerne kombinerats med Kongsvollen, 683 m.o.h. Utsikta frå toppen av Blåtinden inkluderer blant anna Vartdalsfjorden, Ørstafjorden og øyane mellom Hareidlandet og Gurskøy. Ruta som er skildra her, startar i Eiksund. Ein går eit stykke gjennom skogen før ein kjem opp på snaufjellet og har flott utsikt til fleire fjordar (Volda, Ørsta, Rovde, Vartdal), utsyn mot Sunnmørsalpane og når ein kjem på toppen er det også flott utsyn mot øyane på Ytre Søre Sunnmøre. Sunnmøre viser fram alle sine flotte sider,- fjord, fjell, øylandskap og hav!
Blåtinden (ved Haddalfjell) på 697 m.o.h. er den høgste toppen på Hareidlandet. Det er fleire alternative ruter opp til toppen, frå blant anna Haddal og Gjerde, og turen kan gjerne kombinerats med Kongsvollen, 683 m.o.h. Utsikta frå toppen av Blåtinden inkluderer blant anna Vartdalsfjorden, Ørstafjorden og øyane mellom Hareidlandet og Gurskøy.
Ruta som er skildra her, startar i Eiksund. Ein går eit stykke gjennom skogen før ein kjem opp på snaufjellet og har flott utsikt til fleire fjordar (Volda, Ørsta, Rovde, Vartdal), utsyn mot Sunnmørsalpane og når ein kjem på toppen er det også flott utsyn mot øyane på Ytre Søre Sunnmøre. Sunnmøre viser fram alle sine flotte sider,- fjord, fjell, øylandskap og hav!
Kilde: Ålesund & Sunnmøre
Blåtinden