Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Lærdal

Blaaflat Gardsutsal Frukt og Bær

  • Blaaflat, Lærdal
  • +47 95832715
  •  /  km From You
Overview

Velkomen til Blaaflat Gaard.Gardsutsal av frukt ved E16 på Ljøsne i Lærdal. Me tilbyr sal av Epler, Pærer og plommer i fruktseongen.

På Blaaflat gard får du kjøpt eple, pære og plomer som har henge på trea til dei er etemodne. Dette gjev frukta den perfekte smaken, akkurat slik naturen har planlagt det. Sukkerinnhaldet i frukta aukar mykje dei siste dagane den modnast, noko som kjem deg til gode! Frukt som skal ut i butikkane vert plukka tidleg og ettermodna på lager for å tåle frakting og pakking før vidare distribusjon.

Me har plomer frå midten av august til midten av september. Hovudsortane våre er Edda, Opal og Mallard, men me har også sortar som Methley, Excalibur, Altans og Jubileum.

Pæreseongen startar litt seinare, og hjå oss kan du framleis få kjøpt den klassiske keiserinnepæra. Me har i tillegg planta ut ein del Ingrid, Kristina, Ingeborg, Clara Frijs og Conference.

Sommarepla Nanna og Eir får du frå midten av august. Seinare på hausten har vi Discovery, Summerred, gul og raud Gravenstein og gul og raud Aroma.

Velkomen til ei god smaksoppleving!


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
Click to activate
Lærdal, Norway
The latitude and longitude
61° 3' 7" N / 7° 34' 46" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad