Blaaflat Gardsutsal, Lærdal
Blaaflat er opptekne av kvalitet og smak. Difor får frukta henge lenge på trea slik at dei får all den sola dei treng for å verte søte og saftige.
Frukt i Lærdal
På Blaaflat i Lærdal får du kjøpt Epler, Plomme, Moreller og Aprikos. All frukta er pakka for hand og vert levert direkte til deg som kunde. Velkommen til Blaaflat gard!
Året er 1886. På Blaaflat i Lærdal vert hovudbygget på den vesle garden bygd om til hotell og skysstasjon i praktfull sveitsarstil. Hotellet vert populært for turistar, norske så vel som utanlandske, og livet på garden blomstrar. Gardbrukaren Knut Blaaflat bestemmer seg for å utvide gardsdrifta og prøve lukka som eplebonde, og på byrjinga av 1900-talet vert dei fyrste frukttrea planta. Epla blir ein suksess, og i 1907 mottek sonen hans, Henrik, deira fyrste diplom frå den nordiske hagebruksutstillinga i Kristiania for deira «samling æbler».
Kilde: Visit Sognefjord AS
Blaaflat Gardsutsal, Lærdal