Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Vik

Blix Hotell

Blix Hotell ligg midt i hjarta av Vik sentrum, eit steinkast frå Sognefjorden og omkransa av fantastiske kultur- og naturopplevingar.

Blix hotell ligg midt i Vik sentrum med eigen parkeringsplass. Frå juni 2021 vil vi også ha elbil-ladar på parkeringsplassen vår.

Vi har 27 rom, alle med balkong. Vi er heilårsope, og har restaurant, bar og møtelokalitetar med konferansesal og grupperom.

I resepsjonen har vi utsal av lokale bøker og andre lokale produkt.

Vi har open restaurant kvar dag i høgsesongen, og 5 dagar pr veke heile resten av året.

Vi legg på ein smakfull a la carte meny, og nyttar lokale leverandørar.


RUNDT HOTELLET:

Blix hotell ligg på Vikøyri, og det er knapt 2 minutt å gå til Sognefjorden.

På Vikøyri kan du ta del i kulturhistorien vår ved å vandre mellom småhusa og nausta som synlege bevis for strandsitjarmiljøet før i tida.

Eller ta turen via den fine turstien Sylvringen rundt om i bygda vår. På vegen kan du gå innom Hopperstad stavkyrkje (frå 1130), Moahaugane  og Hove steinkyrkje (1170).  

Ta gjerne også turen innom Ostebaren til Tine. Her får du mellom anna smaka gamalost som kun vert laga her i Vik, samt bringebærjuicen som dei også produserer. Vik er landets største bringebærprodusent.

På Vangsnes finn du Fridtjov-statua på 28 meter, ei gåve frå keiser Wilhelm i 1913.

Last updated: 02/29/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Blix Hotell

Sider du nylig har besøkt