VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
close
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland KINN

Bobilparkering i Florø

  • Strandavegen 19, Kinn
  • +47 90716161
  •  /  km From You
Overview

Mot havet i vest ligg Norges vestlegaste by - Florø. Her kan du nyte småbyidyllen med sjarmerande kaféar og fine butikkar, samtidig som du har kort avstand til spanande aktivitetar og spektakulære naturopplevingar. I sentrum av Florø er det tilrettelagt for bubilparkering. Du finn ein ved Florø Bil & Havneservice og ein ved Florø Stadion. 

Mot havet i vest ligg Norges vestlegaste by - Florø. Her kan du nyte småbyidyllen med sjarmerande kaféar og fine butikkar, samtidig som du har kort avstand til spanande aktivitetar og spektakulære naturopplevingar. I sentrum av Florø er det tilrettelagt for bubilparkering. Du finn ein ved Florø Bil & Havneservice og ein ved Florø Stadion. 

FLORØ BIL & HAVNESERVICE
Her finn du godt oppmerka parkeringsplassar der ein kan parkere bubilar på midten av parkeringsplassen, ved gjeret mot aust og ved grasbakken mot sør. Ved bubilparkeringa finn du 6 straumuttak. Parkeringsplassen ligg ein liten spasertur frå Florø. 
Adresse: Strandavegen 19, 6900 Florø 

Pris per døgn er 180,- og ein har moglegheit for å fylle vatn ved å bruke spylarslangen på flytebrygga. Her er og eit servicebygg ca. 5 minutts gange frå parkeringa. Servicebygget har dusj, toalett og vaskemaskin. For kode til bygget, ta kontakt med turistinformasjonen. Det er 6 straumuttak på parkeringa. Her er det mogleg å doble kapasiteten ved behov. Det er moglegheit for tømming av septik ved parkeringa, og Florø bil og hamneservice sel gassflaker. Sjå meir informasjon om gassflasker her

Slik kjem du deg til Florø bil & havneservice
Køyr mot Fugleskjærskaia. Ta til venstre ved parkeringsplassen på enden av Elkjøpbygget. Køyr forbi politistasjonen og Fjord1. Parkeringsplassen ligg ved enden av vegen. 

FLORØ STADION
På Florø Stadion finn du 8 plassar som er merka med raude stolpar. Parkeringsplassen ligg med kort veg til sentrum og nært turløypenettet i Litle- og Storeåsen. 
Adresse: Havrenesvegen ved Florø Stadion

Pris per døgn er 180,- og ein har moglegheit til å fylle vatn ved i krana ved klubbhuset. Her er og eit servicebygg ca 5. minutts gange frå parkeringa. Servicebygget har dusj, toalett og vaskemaskin. For kode til bygget, ta kontakt med turistinformasjonen. Det er ikkje straumuttak på parkeringsplassen. Det er mogleg å tømme septiktanken på bubilparkeringa i Strandavegen. Ved kjøp av gassflasker, ta kontakt med Florø bil og hamneservice, eller sjå meir informasjon her

Slik kjem du deg til Florø Stadion
Køyr mot vest i retning Havreneset/Florø Stadion. Ta til venstre før du køyrer ned på Fugleskjærskaia. Køyr opp Stadionbakken. Parkeringsplassen ligg på toppen av bakken, ved klubbhuset på Florø Stadion. 

SLIK BETALAR DU
1. Du kan enten betale ved turistinformasjonen i Florø (Sjå meir her for opningstider)Her kan du betale med kort eller kontakt. Du får parkeringsbevis som du legg i frontruta.

2. Betal med Easypark mobilapp og velg takstgruppe 6429. Vær obs på at prisen vil bli høgare då det legges på +15% i avgift til Easypark. 

3. Du kan enkelt betale med Vipps ved å bruke vippsnr 612492. Hugs å legge inn registreringsnummeret på melding. 

4. Betal med SMS ved å sende takstgruppe 6429 til 2410. Vær obs på at prisen vil bli høgare då det legges på +25% i avgift. 

* Betaling inkluderar bruk av servicebygg ved gjestebrygga. Koden til servicebygget får du på turistinformasjonen eller ved å ringe 577 43 000. 

 


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages