Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Voss

Bordalsgjelet

  • +47 40617700
  •  /  km From You
Overview

Bordalsgjelet er eit spektakulært juv, kor den tilrettelagt stien innover juvet gjev deg moglegheita til å sjå jettegrytene og gjelet på nært hald.

Bordalsgjelet er ein spektakulær naturattraksjon i gangavstand frå sentrum. Det djupe og dramatiske Bordalsgjelet er tilrettelagt for publikum med informasjonstavle, utsiktspunkt og benker. Når det ikkje er snø og is er det òg ein tilrettelagt sti du kan følgje innover gjelet. Her får du god utsikt til dei fantastiske jettegrytene som is og elva har forma gjennom årtusen, men hugs, for di eiga sikkerheit: hald deg til dei merka stiane!


Frå Voss sentrum følgjer du grusvegen langs Vangsvatnet innover i Prestegardsmoen. I enden av Prestegardsmoen kryssar du brua over elva Vosso. Etter brua tar du til høgre og følgjer Russarvegen langs elva. Følg skiltinga mot Bordalsgjelet.


Lengd: 5 km og 1t 30min tur/retur Voss sentrum
Stigning: 50 m
Sesong: Mai - november
Vanskeligheitsgrad: Grøn (lett)
Startpunkt: Voss sentrum / Prestegardsmoen
Turkart referanse: Brosjyre/turkart er å få kjøpt på turistinformasjonen i Voss sentrum.
Merknader: Følg den tilrettelagte stien innover juvet, prøv ikkje å klatre over gjerda!


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS
Click to activate
Voss, Norway
The latitude and longitude
60° 36' 45" N / 6° 25' 23" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad