Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Borgund

Borgund Stavkyrkje

  • +47 57668109
  •  /  km From You
Overview

Borgund stavkyrkje er bygd kring år 1180. Kyrkja er svært godt bevart, og den mest særmerkte av dei norske stavkyrkjene.
Kyrkja er vigsla til apostelen Andreas. Konstruksjonen i stavkyrkja er basert på bruk av berande stavar og søyler.

I heile bygningen er det ikkje ein einaste bolt eller nagel av metal. Stavkyrkjene er det viktigaste Norge har ytt til verdsarkitekturen av dei eldste trebygningane i landet.
"UNIKE VIKINGTIDSFUNN" - ny permanent utstilling om vikingtidsfunn som vart avdekt på Bjørkum i 2009.


Fakta:

* Treskipet søylestavkyrkje med 12 stavar, frittståande klokkestøpul er truleg frå samme tidsalder.
* Apsis, svalgang og småtårn vart tilføyd truleg på 1200-talet.
* Kyrkja får preikestol i 2.del av 1500-talet.
* Kring 1650 får kyrkja altertavle.
* På 1870-1880- talet vart kyrkja restaurert. Bl.a. vart vindauga frå etterreformatorisk tid fjerna.

Kyrkja tilhøyrer Fortidsminneforeningen.

Besøkssenter - med utstilling om stavkyrkjene sin rolle i det religiøse livet i mellomalderen. Kafe, suvenirbutikk og stillerom.

Kongevegen over Filefjell
Borgund stavkyrkje ligg ved Kongevegen over Filefjell - midt mellom Vindhellavegen og Sverrrestigen; Start rundturen frå kyrkja og du får ein kjempeflott vandring på 1.5 time
Du kan ta offentleg transport (buss) frå Lærdal til Borgund stavkyrkje og Kongevegen over Filefjell. Ein kan også leige sykkel i Lærdal og sykle oppover dalen (25 km).


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
Click to activate
Lærdal, Norway
The latitude and longitude
61° 2' 50" N / 7° 48' 39" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad