Dynamic Variation:
Offers
Choose Language
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Ålesund & Sunnmøre Ålesund

Borgundfjordfisket

  • +47 70163430
  •  /  km From You
Overview

Borgundfjordfisket er det store torskefisket som går føre seg rett ved Ålesund sentrum kvart år frå slutten av februar og ut i april månad. Borgundfjordfisket har lange historiske tradisjonar. Det er funnet fiskesøkker blant steinalderbustadar rundt Borgundfjorden, og man meiner at det rike fisket her var eit viktig grunnlag for etableringa og utviklinga av Ålesund som handelsstad og by. 

I dag er Borgundfjordfisket eit svært populært torskefiske både for fritidsfiske og blant yrkesfiskarar. Fleire lokale aktivitetsbedrifter tar med seg turistar og tilreisande på fisketur og opplevingar i Borgundfjorden.

Avstanden frå hotellrommet til fiskeplassen er vel sjeldan nærmare enn det du finn akkurat her. Rett utanfor Ålesund sentrum dreg du opp stortorsk som er på gytevandring. Etter at du er ferdig å fiske, er det fleire stader du kan få ta med fisken din til profesjonelle kokkar som hjelper deg med å lage til ditt livs fiskemåltid.

Bli med på ei fantastisk spennande oppleving på sjøen!


  • Last Updated:
  • Source: Ålesund & Sunnmøre
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad