Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Sand

"Brødrene af Sand" (Ryfylkemuseet)

  • Nordenden 14, Suldal
  • +47 52792950
  •  /  km From You
Overview
Details

Brødrene af Sand er ei av dei siste Ryfylke-jektene som framleis flyt. Jekta vart bygd på Dokkskar i Yrkjesfjorden på midten av 1800-talet, og ho gjekk sildefart på Østersjøen. Seinare gjekk ho i fjordafart frå Østhusvik og Sand i Ryfylke. Jekta er ca 15 meter lang og litt over 5 meter brei. Masta er 19 meter høg og ho fører tre forsegl; storsegl, breifokk og toppsegl. Ho er innreia med køyer og bysse. Ryfylkemuseet overtok jekta i 1997.  Ho gjennomgjekk omfattande restaurering ved Hardanger Fartøyvernsenter i 1998-1999. Venneforeininga og Ryfylkemuseet samarbeidar om vedlikehald og drift.

VERNA FARTØY
I dag er fartøyet verna og det er den einaste Ryfylkejekta som er bevart i Rogaland. Ho står for ei stor og viktig bygdenæring og er eit uttrykk for høgt utvikla fartøybyggingskompetanse.
Gjennom bruk og vedlikehald av fartøyet fører vi vidare  noko av den kunnskapen som var knytt til fartøyfarten, og vi gir medseglarane eit høve til oppleving av fjorden, fartøyet og det langsame livet som følgjer med å bli driven fram av vind og straum.

OPPDRAG
Venneforeininga drar på tokt, festivalar, bygdadagar og andre oppdrag. Det er plass til grupper på max. 20 personar.
Om sommaren ligg Brødrene af Sand til kaien på Nesasjøhuset dersom den ikkje er på tur. I 2016 ligg båten i Finnøy for grundig restaureringsarbeid.


  • Last Updated:
  • Source: Region Stavanger

Generelt

Tilgjengelighet
  • Tilpasset bevegelseshemmede

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Strand

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Parkering
Click to activate
Suldal, Norway
The latitude and longitude
59° 29' 5" N / 6° 14' 50" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad