Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Florø

Brandsøyåsen

Frå Brandsøyåsen, 293 meter over havet, vil du ha storslått utsikt over over Florø by, fjell, fjord og den vakre skjergarden i vest. Under finn du ei oversikt over dei mest brukte turstiane til Brandsøyåsen. 

Frå Brandsøyåsen, 293 meter over havet, vil du ha storslått utsikt over over Florø by, fjell, fjord og den vakre skjergarden i vest. Brandsøyåsen er eit flott utsiktspunkt i Florø, og kan nås til fots og med sykkel. Du vil finne stiar til toppen av åsen frå mange kantar, og dei fleste løypene har tydeleg sti som gjer det lett å finne fram. Under finn du ei oversikt over dei mest brukte turstiane til Brandsøyåsen. 

STI FRÅ NYBØMARKA/FAGERDALEN

Dette er ein svært mykje brukt sti, og ein kjem inn på stien frå både Nybømarka, Dyreholdvegen, Krokavegen eller Botnaholten. Gjennom Fagerdalen er det opparbeid grusa gangveg mellom Krokavegen og Ragnarrud-området. Frå Fagerdalen kjem ein opp til Torvmyrane der ein krysser hovudvegen og følgjer stien vidare bak Torvmyrane skule. Det tar ca. 45 minutts gange opp til toppen. Dette er den lengste vegen opp, men og den mest varierte. 

STI LANGS KVERNHUSELVA PÅ SOLHEIM

Utanom stien frå Nybømarka er dette den mest brukte stien til Brandsøyåsen. Folka i Florø vel ofte denne vegen då dette er den kortaste vegen til toppen. Stien er myrlendt og fuktig i øvre del av Tofleskaret. Det tar ca. 30 minutts gange til toppen. 

STI FRÅ SOLHEIMSSTRANDA

Her har du eit bratt parti første stykket, men deretter vil du får eit svært fint parti gjennom gamal furuskog. Du vil møte på nokre fuktige parti på vegen. Turen tar ca. 30 minutts gange til toppen. 

TELENOR SIN VEG FRÅ BRANDSØY PLANTESKULE

Telenor sin veg frå Brandsøy planteskule er mykje brukt som spaserveg og sykkelveg opp til toppen. Dette er eit godt alternativ for eldre eller funksjonshema, men også for andre, t.d. familiar med barnevogn. Vegen er ca. 2,5 km brei asfalt veg. Her er fint å gå søndagstur utan å kle seg for ein tur i marka. Vegen blir brøytt om vinteren, og det er ein fin akebakke når det er mykje snø om vinteren! Det er ca. 40 minutts spasertur til toppen. 

Og du? Ikkje gløym å skrive deg i turboka på toppen! 

Last updated: 01/29/2024

Source: Visit FjordKysten

Brandsøyåsen

Sider du nylig har besøkt