Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Stryn

Bre og Fjell

Bre og Fjell
Bli med guidane fra Breogfjell og finn den beste opplevingane!
Medan ytre Nordfjord byr på sommar og surfing, finn du dei mest fantastiske fjella for skikøyring lenger inne i fjorden. Med utgongspunkt fra Stryn kan du gå toppturar med over 1500-høgdemeters nedkøyringar, og med utsikt i verdensklasse.
På sommaren kan du gå fjellturar med fjordutsikt og innslag av luftig klyving og brekryssing som krev sikring med tau. Med Breogfjell kan du oppleve ekte fjellklatring med lokale og kvalifiserte guidar.

Breogfjell Mountain Guides er ein av aktørane i Norge som stiller strengast krav til sertifisering, erfaring og lokalkjennskap. På ski og fjellklatreturar nyttar Breogfjell kun internasjonalt kvalifiserte Tindevegledarar (UIAGM/IFMGA) og Tindevegledarar under kvalifisering/aspirantar som kan vise til solid erfaring over flere år innan krevande ski-, klatre- og breturar.

Breogfjell er godkjent kursarrangør på høgste nivå i Norsk Fjellsportforum. Breogfjell har spesialisert seg på kurs og føring innen fjellsport i Norge og Alpene. Breogfjell AS består av aktive fjellførarar, dei fleste profesjonelle IFMGA tindevegledere, bosatt i Sogn, Jølster, Stryn, Bergen, Trondheim og Hemsedal.

Blant fleire kjende fjell for skikøyrarar kan ein nevme Kyrkjenibba 1400moh, Skåla 1848moh, Midstolshyrna 1771moh og ikkje minst Rinddalshyrna 1677moh. På Strynefjellet ligg landets mest tradisjonsrike sommarskisenter, og like ved Stryn sentrum ligge eit lite vinterskisenter med frikjøringsmoglegheiter dei fleste berre kan drøyme om.
Snøforholda i området er stort sett svært bra, og for lokalkjende finns der alltid moglegheiter for å finne den skikkelige ville snøen. I Stryn snøvar det mest når været kjem frå nordvest, og når værgudene først set i gong er det ikkje unormalt at det snøvar ein meter på eit døgn.

Aktivitetar
Sommar: Guida turar, Kurs, Klatring, Brevandring, Fotturar, Klatrekurs.
Vinter: Guida turar, Kurs, Alpine skiturar, Topptur, Skredkurs, Off-piste, Telemark, Isklatring, Alpin klatring, Breskiturar.


Kilde: Nordfjord

Bre og Fjell

Sider du nylig har besøkt