Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Sunnhordland Kvinnherad

Breføring over Folgefonna Sundal - Odda

  • +47 55298921
  •  /  km From You
Overview
Details

Ruta frå Mauranger til Odda er ein ferdsleveg med lang historie. På slutten av 1800 talet og eit stykke ut på 1900 talet vart folk førde på hesteryggen opp til brekanten og dregne på slede over breen. Seglbåtane og seinare dampbåtane segla i mellomtida rundt halvøya og plukka turistane opp på andre sida.

Det er såleis ei glede for oss i Folgefonni Breførarlag å føra tradisjonen vidare med å drive føring på den tradisjonsrike ruta for alle fjellinteresserte, med eller utan breerfaring.

Fakta:

Turen frå Sunndal til Fonnabu-hytta går opp den nydelege Keisarstien som er godt merka med vardar og raude T-ar. Frå Holmaskjer-hytta er den gamle ferdslevegen ned til Tokheim/Odda rusta opp og godt merka. Såleis kan folk på eigenhand ta seg opp til brekanten og verta førte over breen av kyndige folk. Å kryssa Folgefonna krev gode orienterings kunnskapar samt breutstyr.

Etter at breføringa starta her i 2001 har fleire kunna kryssa breen og oppleva kontrastane mellom sommar og vinter i dei varme liene på begge sider av breen. Turen over breplatået byr på alt frå flott sommar vær til snø og regn. Det er difor naudsynt å pakka sekken som om ein skulle på vinter tur. Hue og vottar er obligatorisk utrusting samt solbriller og solkrem. Krav til deltakarane er normalt god form.

Tung oppstigning til breen på begge sider. Sjølve breturen går i roleg tempo over breen. Turen byr på nydeleg utsikt i alle retningar, ein er på Noregs tak! Hardangervidda og Hårteigen i aust, Nordsjøen i vest, Rosendalsalpane i horisonten og Hardangerfjorden under oss for å nemne litt av det ein ser..

Folgefonntunnelen gjer at ein kjem seg frå Odda til Mauranger (Sundal) på 10-15 minuttar. Frå Rosendal til Mauranger (Sundal) er det 40 minuttar. Henting av bilar er difor enkelt med buss eller taxi.

Nærare informasjon om hyttene og ruta opp til breen kan ein få ved å venda seg til Bergen Turlag 55 33 58 10 og www.bergen-turlag.no

Sesong
Denne turen er tilgjengeleg frå starten av juni til midten av september. Det må vere 6 personar eller fleire påmeldt for at turen blir arrangert.

Lengde
Ein brukar ca 3 timar mellom Fonnabu og Holmaskjer. Det er 5,5 km i luftlinje, og ca 200 høgdemeter forskjell.
Vest-Aust: Sundal (Mauranger) til Fonnabu 6-8 timar, Fonnabu til Holmaskjer 3 timar (med breførar), Holmaskjer til Odda (Eitrheim) 4 timar.
Aust-Vest: Odda (Eitrheim) til Holmaskjer 6 timar, Holmaskjer til Fonnabu 3 timar (med breførar), Fonnabu til Sundal (Mauranger) 5-6 timar.

Påmelding
Tur må førehand tingast.
Telefon 55 29 89 21 eller 95 11 77 92
Internett: www.folgefonni-breforarlag.no, eller besøk oss på kundesenteret; Juklafjord.

Kapasitetsavgrensinga er overnattingsplassar på hyttene.

Overnatting Fonnabu (DNT/BT sjølvbetjenthytte med 32 senger)
Holmaskjer (DNT/BT sjølvbetjent hytte med 20 senger).

Link til bussrute Odda-Sundal: nr. 760 - Odda-Utåker www.skyss.no

Passar for
Turen mellom Fonnabu og Holmaskjer er den lettaste delen av turen. Opp og ned stigninga til breen er tyngst. Ein bør vere fjellvand for å gå denne turen.

Utstyr
Naudsynt breutstyr er inkludert i prisen. Alle må ha med seg vinter klede, ull innerst, vind og vasstette klede, vottar, hue, skjerf, solbriller, solkrem, drikkeflaske. Anbefaler også at ein har med seg kart og kompass (evt. også GPS) trass i at stiane opp og ned frå breen er merka.


Pris
Frå 700,- pr person.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Ekspert

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Guiding
Fottur
  • Merkede turstier

Price

Description Price*
Billetter 700,00 Guiding
* Price from

Facts

Effort Level
Expert
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad