Skip to main content
Unknown Component
civid: 585ab1ca6edcb1719ace3ae2
name: plugins_common_social_share (widget)

Jondal

Breidsete - Glomsdalsskardet

Krevjande tur i vilt fjellandskap og variert terreng.

Startpunkt
Ta vegen frå Jondal mot Folgefonna. Etter 2,6 km ta til høgre rett før brua på Byrkjeland. Etter ca. 300 m må du betale avgift for å køyre denne vegen med bil. Etter ca. 1,5 km kjem du til ei bru med ei grind. Hugs å lukke grinda etter deg viss ho var lukka. Her er det inntak for Stølsdalselva kraftverk på Byrkjeland, som vart sett i drift i 2009. Bilvegen går 2,2 km vidare til stølen Breidsete. Der er det ei infotavle, og god parkeringsplass. Parkering på eige ansvar. Breidsete er start- eller endepunkt for fleire andre turar.

Om turen
Frå Breidsete, gå ca 100 m nedover bilvegen og til venstre over ei bru. Stien går i småkupert skog og myrlendt terreng, forbi nokre hytter og ned til Torsnesmyrane, til eit stikryss. (Der kan du gå over til Fjellstøl). Gå mot Fjelltveit. Stien går langs kanten av myrane, vekselvis i skog og myrlendt terreng. Du må over ei lita elv, og ved snøsmelting og mykje nedbør kan det vera vanskeleg å koma tørrskodd over. På stølen Fjelltveit kjem du til ei bru. (Ved brua kan du gå mot Torsnes). Gå mot Glomsdalsskardet. Du følgjer Glomsdalen til Skaratjødna. Bratt og vilt terreng i høgfjellet. (Det går sti vidare til Nordrepollen, men den er ikkje merka av oss).

Parkering: Sjå "startpunkt"
Parkeringsavgift: gratis, men det er ei avgift for å køyre til parkeringa. 
Lengde: 5,6km
Total gangtid: 7 timar
Sesong: juli - oktober 
Vanskegrad/gradering: svart, ekstra krevjande 

Last updated: 02/01/2022

Source: Destination Hardanger Fjord AS

Breidsete - Glomsdalsskardet

Sider du nylig har besøkt