Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland BREMANGER

Bremanger Fjordhotel

  • Granden 4, Svelgen
  •  /  km From You
Overview
Details

Ønskjer du unike naturopplevingar eller rolege dagar? Med ein stor og flott hotellhage, ligg Bremanger Fjordhotell fint lokalisert ved fjorden i Svelgen. Frå hotellet er det kort avstand til store attraksjonar som Nord-Europas høgste sjøklippe Hornelen og Nord-Europas største helleristningsfelt Vingen.

I ytre del av kommunen har vi flotte strender og kystmiljø, og i fjellheimen bak oss har vi eit særeprega turterreng med gode fiskevatten i det unike fjellområdet som omkrinsar Noregs vestlegaste isbre Ålfotebreen. Vi gler oss til å dele alle dei små og store hemmelegheitene våre med deg og dine.

Bremanger Fjordhotell er det næraste hotellet til den majestetiske Hornelen. Med utgangspunkt i hotellet vårt kan du oppleve alt det flotte regionen vår har å tilby. Få andre stader ligg så nær så mange spektakulære attraksjonar som oss!

Bremanger Fjordhotell har 45 rom fordelt på standard dobbeltrom og familierom/suitar. Våre familierom har ekstra soverom med to senger/barneseng. Vi har òg nokre leilegheiter med eige kjøkken som kan leigast av familiar.

Restauranten vår tilbyr både internasjonale rettar og lokale spesialitetar. Her får du mat basert på lokale råvarer med spennande smakar som matchar den dramatiske naturen som omkrinsar hotellet vårt.

Bar og restaurant er tilknytt eit flott uteområde med paviljongar og hotellhage som vender mot sjøen. I hotellhagen blir det bygd leikeområde for barn med sjørøverskute, og vi har òg planar for framtidig basseng.


  • Last Updated:
  • Source: Nordfjord

Generelt

Landskap
  • By
  • Kystområde
  • Fjordområde
  • Fjellområde

Overnatting

Hotellfasiliteter
  • Restaurant/café
  • Badstue
Romfasiliteter
  • TV
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages