Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Nordfjord Stryn

Breruta | Breogfjell

  • +47 41146070
  •  /  km From You
Overview
Details

Før dampbåtane, tunellane og turismen var Jostedalsbreen den viktigaste handelsvegen mellom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Med hardt arbeid og høg risiko frakta bønder og handelsmenn, lokalt kalla «Driftekarar», kveg, mat og viktige reiskap over breen. Jentene fann seg kanskje ein kar frå andre sida og stifta familie. Det vart ofte reist over breen for ein skikkelig fest. I dag er bre, fjell og fjord ein fornøyelse for oss som vil oppleve spektakulær natur på ski eller til fots. Bli med Breogfjell på ein alpin skitur over ein av drifterutene på Jostedalsbreen.

I dag er ferdselsrutene over Jostedalsbreen i verdsklasse for alpine skiturar. Breogfjell Mountain Guides har satt sammen ein tur over tre dagar frå Jostedalen til breplatået (via toppen av Lodalskåpa (2083 moh) for dei sprekaste gruppene) og Skåla (1848 moh) til Loen. Denne turen snik seg gjennom spanande brear og opp bratte fjell. Og kva er vel betre enn å vakne i Skålatårnet 1848 moh, og det eineste du veit du skal gjere er å køyre ei av Europas lengste samanhengande nedkøyringar til fjorden! 

Breruta dag for dag

Dag 1:

Vi startar frå Bjørnstegane i Jostedalen og går inn mot Fåbergstølen og vidare opp Lodalsbreen til foten av Lodalskåpa. Herifrå venter ei lang nedkjøring til Bødalssætra via «Brattebakkane» eller Bødalsbreen. Her ventar middag og ei god natts søvn på Erkehytta. I løpet av denne dagen har vi gjennomført ca 1600hm stigning og nesten tilsvarende lang nedkøyring. Om vi har tid bevegar vi oss med isøks og stegjern rundt Lodalskåpa i spanande terreng på østsida, til normalvegen kor vi klatrar dei siste meterane til toppen av Lodalskåpa 2083moh. Vi har flytta uss heile 27 km denne dagen.

Dag 2:

Tidleg start for å rekke morgenskaren! Turen startar svært bratt via Tindefjellbreen til Bings brekuppel 1848 moh. Her køyrer vi ned Tundraskardsbreen ca 1850 høgdemeter, kor vi tar på fellene igjen for å gå 700 høgdemeter til Havaldetreet 1776 moh. Frå denne toppen ventar nok ei nedkøyring på ca 700 høgdemeter før vi igjen tar på fellene og siktar oss inn mot Skåla 1848 moh. Her overnatter vi i tårnet etter ein dag der vi har gjennomført tilsammen 2840 høgdemeter stigning og ca 1600 høgdemeter med nedkøyring. Vi har flyttet oss heile 15 km denne dagen.

Dag 3:

Vi nyt frukosten og ventar på perfekt temperatur i snøen. I dag skal vi køyre ned ei av Europas flottaste nedkøyringar. Og det beste er at vi ikkje treng å gå ein einaste meter motbakke. På gode forhold får vi tilsammen ca 1800 høgdemeter nedkøyring! Vi er normalt nede frå fjellet ca 14:00. 

Programmet kan endres om vær og forhold tilsier det.

Vanskegrad

Dette er den mest krevende fleirdagers alpine skituren i Norge. Du må beherske bratt skikøyring på variert føre, og bruk av isøks og stegjern. Du må vere i svært god fysisk form for å kunne gjennomføre heile turen.

Guider med høg kompetanse

Breogfjell er ein av aktørane i Norge som stiller strengest krav til sertifisering, erfaring og lokalkjennskap. På alpine skiturar nyttar vi kun internasjonalt kvalifiserte Tindevegledere (UIAGM/IFMGA) og Tindevegledere under kvalifisering/aspiranter som kan vise til solid erfaring over fleire år innan krevande ski-, klatre- og breturar.

Utstyr

Hos Breogfjell er det mogleg å leige utstyr som du mangler. På wwww.breogfjell.no finn du informasjon om utstyret som trengst for dei ulike turane.

Pris 

Ved 4 deltakarar:
NOK 9 100,- pr deltakar

Ved 3 deltagere:
NOK 11 450,- pr deltakar

Ved 2 deltagere:
NOK 16 000,- pr deltakar

Pris open gruppe:
NOK 11 400,- pr deltakar

(Svært krevende tur, maks 4 deltakarar pr vegleder)

Prisen inkludera:
Guide 3 dagar
Transport Jostedal – Fåberg
Mat
Overnatting
Transport Loen – Sogndal
Leige av sikkerhetsutstyr
 

Periode

Februar - Mai

 

For meir informasjon: www.breruta.no


  • Last Updated:
  • Source: Visit Nordfjord

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Utfordrende
Årstid
  • Vår
  • Vinter

Price

Description Price*
Pr.person 9100,00 Pakkepris
* Price from

Facts

Effort Level
Challenging
Season
Spring
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages