Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Bergen

Bretur Fjærland

  • Strandkaiterminalen, Bergen
  • +47 51868700
  •  /  km From You
Overview

Denne fjordturen til Fjærland tar deg gjennom vakkert kyst- og fjordlandskap på Sognefjorden. Inkluderer besøk på Norsk Bremuseum og Bøyabreen. 

Turen startar i Bergen kvar dag kl 08.00 og på fjordturen med ekspress båt til Balestrand seglar ein gjennom vakkert kyst- og fjordlandskap gjennom verdskjende Sognefjorden. Ved ankomst kunstnarbygda Balestrand kl. 11.50 byter du båt og dreg direkte vidare til den idylliske Fjærlandsfjorden til brebygda Fjærland.

Den smale og vakre Fjærlandsfjorden er omkransa av bratte, skogkledde lier, og strekkjer seg heilt inn mot den majestetiske Jostedalsbreen. Fjordvatnet her har ofte ein nydeleg, lysegrøn farge pga. breelvane som renn ut i fjorden.

I Fjærland, inst i fjorden, ligg Norsk Bremuseum og Den norske bokbyen. Herifrå er det kort veg til Supphellebreen og Bøyabreen, som begge høyrer til Jostedalsbreen.

Fjorden var lenge den einaste vegen til Fjærland, men i dag knyter riksveg 5 bygda saman med både Sogndal og Skei/Førde. Store deler av den 27 km lange Fjærlandsfjorden er utan vegsamband, og fleire stader langs fjorden ligg idylliske, fråflytta grender og gardar.

Frå Fjærland går det buss til Norsk Bremuseum som ligg i strekninga frå Mundal (der båten kjem inn) til Bøyabreen. Etter eit opphald på museet går bussen vidare til Brævasshytta som ligg 100 meter frå Bøyabreen.

Eit stopp på ca. 45 min ved breen gir deg tid til å nyte utsikten til Bøyabreen og prøve ut dei lokale matvarene. Retur til Balestrand med båt og ved ankomst i Balestrand er det bytte av båt, og ekspressbåten tek deg tilbake til Bergen.

Avgang ved Strandkaiterminalen i Bergen like ved Turistinformasjonen.

Billettar selges på Strandkaiterminalen, Turistinformasjonen i Bergen eller på fjordcruise.norled.no

Barn under 4 år: gratis inngang


  • Last Updated:
  • Source: Bergen Reiselivslag
Click to activate
Bergen, Norway
The latitude and longitude
60° 23' 42" N / 5° 19' 20" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad