Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Eastern Norway Gudbrandsdalen Lom

Brevandring på Eventyrisen på Svellnosbreen

  • Visdalsveien 1710, Lom
  •  /  km From You
Overview

Den flotte Svellnosbreen er ein klassikar blant turane frå Spiterstulen turisthytte i Visdalen.  

Gira på å utforske blåsen sine spektakulære formasjonar, og vandre mellom istårn og - sprekkar? Den flotte Svellnosbreen er ein klassikar blant turane frå Spiterstulen turisthytte i Visdalen.  

Beste utgangspunkt: Spiterstulen turisthytte
Høgdeforskjell: Ca. 600 meter stigning, frå 1100 - ca. 1670 m.o.h. ved brekanten. 
Tidsbruk: 5-7 timar (tur- retur). 4 km. opp til brefallet. 
Ver obs på: Bresprekker. Sørg for å ha med sikringsutstyr for brevandring. 
Utstyr: Normalt toppturutstyr. Isøks, stegjern og skarejern er anbefalt.
Anbefalt skiutstyr: Toppturski eller fjellski. 
Vanskelighetsvurdering:
Opp: Lett/middels
Ned: Lett/middels

Turen til Eventyrisen startar frå Spiterstulen turisthytte (1100 m.o.h).  Turen opp til brefallet er ca 4 kilometer lang, og du stig omlag 600 høgdemeter opp til breen (1670 m.o.h). Turen passar for alle - barn frå 7 år og oppover.

Hugs at du alltid må vere sikra med tau og gå saman med erfarne breførarar når du går på bre.

Om turen:
Kanskje skulle ein tru at snøen dekker over dei flotte formasjonane og den blå farga i isen, men dette er ikkje tilfelle. Rundt påsketider viser Svellnosbreen seg kanskje frå sitt aller beste, da snøen gir gode moglegheiter til å bevege seg rundt på på isen og utforske isformasjonane.

Frå Spiterstulen går ein sørover Visdalen, og tek etterkvart til høgre inn Tverrådalen, og får Svellnosbreen til høgre for seg. Herfra går ein oppover mot breen på moreneryggen som kjem ned på vestsida av brefallet. Mange sett att skiene ved foten av moreneryggen, medan dei som ynskjer litt meir nedkjøyring tek med skiene til brekanten. Ved brekanten blir gruppa delt inn i taulag og kvar og ein får på seg sele og stegjern, og binder seg inn i tau. Så kan brevandringa ta til. 

Inne på breen bruker vi tida på å bevege oss rundt i sprekkområdene og leiter fram flotte fotomotiv - samstundes som du får lære meir om korleis isbreane fungerer - med tanke på bevegelse, sprekkdanning, smelting osv. 

Etter brevandringa, går gruppa attende til brekanten, knyter seg ut av tauet, og tek av seg sele og stegjern før det er på med ski, og nedkøyring mot Spiuterstulen. 

For dei som har tatt med skia heilt opp til brekanten, venter ei artig nedkjøring og rask retur attende, medan dei andre er nødt til å ta seg ned moreneryggen før dei får nyte den same raske returen ut dalen.

Til denne turen trengs:
– Klede for ein full dag i vinterfjellet-
– godt med mat og drikke
– Ski (langrenn, fjellski eller randoski). Truger fungerer også, men hugs fjellstøvler med litt stiv såle når du skal bruke stegjern på breen, og beregn litt lenger tid på returen.

Kilde: Galdhopiggen.no / Spiterstulen Bre- og Fjellføring

 

 

 

 


  • Last Updated:
  • Source: Visit Jotunheimen AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages