Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Jondal

Brevandring på Folgefonna

  • Juklafjord (Booking center), Jondal
  • +47 53668531
  •  /  km From You
Overview

Rundtur fra Bergen til Folgefonna Skisenter inkludert 5 timers guidet tur på isbreen Folgefonna.

Saman knyter me oss i tau og stig inn ut på Folgefonna. Gjennom djupe isdalar og rundt høge, spisse istårn leitar me etter eventyret i blått. Ønskjer du spenning, høgg du deg opp 20 meter høge isveggar. Søkjer du ei mediativ oppleving, går me roleg innover hundre år gamal isørken i stadig endring. Tilsynelatande i ro, men eigentleg i ein ustanseleg rettargang mot sin dom i det grønblinkande Juklavatnet. Du kjenner stegjarnet bit seg fast i isen, og lærer samspelet med oss andre i taulaget. Du er trygg i ei ukjend verd. Tilslutt merkar du at den kvite vidda lyfter deg opp til utsikt mot havet i vest. Nede ved fjorden igjen omfamnar dei grøne bjørkelinene deg. Vonleg vil du reise heim med det urørde brelandskapet og den glinsande Hardangerfjorden brent inn i minnet ditt for alltid.


Transport:
På denne turen kan du starte fra busstasjonen i Bergen, eller på kaia i Norheimsund dersom ein kjøyrer i eigen bil.


Fra Bergen går turen med buss fra busstasjonen til Nordheimsund, deretter båt til Herand og buss opp til Fonna Glacier Ski Resort (skisenter). Folgefonna er Norges 3. største bre og dekker et område på til sammen drøyt 200 kvadratkilometer. Fra Folgefonna har en majestetisk utsyn mot Hardangerfjorden, Rosendalsalpene, og Nordsjøen i vest.


På skisenteret  (1200 moh.) venter Folgefonni Breførarlag på deg. På en guidet 5 timers tur kommer du tett på den enestående naturen, kulturen og historien i dette vakre området.


Tilbake på skisenteret venter bussen og frakter deg ned til Herand kai. Herfra går turen så til Norheimsund og videre med buss til Bergen. 


Blåistur:
5-6 timars blåistur som passar for alle over 8 år i vanleg god form. Det vil vere ulike taulag med ulike utfordingsnivå.


Turen startar med å gå til 1400 moh. Deretter går me går over snøen i ca 15 minutt før ein går inn i blåisen. Brefallet byr på både roleg, flat is og meir utfordrande sprekkområde. Turen vert lagt opp etter deltakarane sine ynskje og fysiske form. For nokre tyder det klatring og adrenalin, for andre vert det ein roleg tur i ei anna verd. Vel inne i isen tek med matpause me utsikt over Nordsjøen og Rosendalsalpane. Me legg vekt på å fortelje både kultur og naturhistorie i området me vandrar gjennom. Til sist går me heimover i ettermiddagsljoset med fjord og fjell under oss. Du kan velje å kjøpe dette som en pakke inkludert transport til og fra Bergen.


Sesong:
Rundtur med transport fra Bergen er tilgjengelig fra 20. juni til 14august.
Kun bretur uten transport fra/til Bergen er mogleg dagleg frå 10. juni til og med 1. september. Utanom denne tidsperioden må ein førehandstinge minimum 5 dagar før turdato. 1 oktober er sesongen slutt då snøen igjen legg seg over isen.


Lengd:
5-6 timar (er tilbake ved utgangspunkt ca 16:00, breførar tilpasser dette etter deltakarane sine ynskje).

Passar for:
Alle over 7-8 år i normal form. Etter introduksjon ved tur start vil ein fordele deltakarane på ulike taulag, her vil ein ha eit taulag som går kortare og enkelt i isen, og eit som går lengre og gjerne klatrar meir. På denne måten kan me tilpasse turen til alle.

Utstyr: Kle deg for tur i høyfjellet. Bruk gode sko/fjellsko, regntøy/ vindjakke og bukse. Det er også mulig å låne utstyr på stedet, en må også ha lunsj med seg.

Påmelding:
Bestill online på Norled.no. Påmelding seinast klokka 19:00 dagen før.


  • Last Updated:
  • Source: Bergen Reiselivslag
Click to activate
Jondal, Norway
The latitude and longitude
60° 23' 22" N / 5° 19' 56" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad