Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Brimi Sæter | Gardsbutikk

Velkomen til seterysteriet på Brimi sæter. Her kan du fylgje heile prosessen frå mjølking til ysting og ost på lager gjennom store vindauge.

I seterysteriet på Brimi sæter blir det produsert rømme, smør, kjuke (pultost) og kvitost. Her kan du fylgje heile prosessen frå mjølking til ysting og ost på lager gjennom store vindauge. 

Ysthuset har også ein modningskjellar der kvitosten blir lagt til modning gjennom vinteren. Her blir luftfuktigheit og temperatur regulert naturleg fordi vi har jordgolv med steinpukk oppå, slik dei gamle kjellarane ofte hadde. Vi har eit rom ved sidan av der du som gjest kan sjå osten som ligg lagra gjennom store vindauge.

Innblikk i gamal tradisjon:
Setermjølka er ei for fin råvare til å gå i den store ”tanken” hjå Tine. Vi ynskjer at forbrukaren skal få oppleva produkt laga på setra. På grunn av beite i høgfjell får mjølka ein heilt annan kvalitet. Smøret blir gulare og osten smakar meir! Ysting er eit handverk som dei gamle budeiene la all si sjel i, og som var viktig for økonomien på garden. Vi har lært den gamle ystinga av budeia vår Embjørg på over 90 år.

Sommarstid har vi seterutsal og seterkafé, der vi sel eigne og andre lokale produkt, og der du kan kose deg med ekte seterkost, på låven eller ute på tunet. 


Parklund

Brimi sæter har utsal av eigne produkt og produkt frå Gudbrandsdalsmat i eit butikkutsal i Garmo, like ved Rv. 55 i retning Otta. 
Dette held ope kvar dag gjennom høgsesong om sommaren. 


Velkomne!

Last updated: 08/14/2023

Source: Visit Jotunheimen AS

Brimi Sæter | Gardsbutikk

Sider du nylig har besøkt